Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rettigheiter

Me ynskjer formidla god informasjon til både pasientar og pårørande slik at det skal vera enkelt å finne informasjon om sjukdom, skade eller rettigheiter ein har i helsevesenet.

Det er sikkert mykje du lure på når mamma eller pappa er sjuk.
Du synast kanskje at den som er sjuk oppføre seg annleis enn vanleg, er lei seg, irritert eller sint? På Voss DPS har me blant anna barneansvarlege som svarar deg på det du lurar på når nokon i nær familie er sjuk.

Du kan lese meir om barn som pårørande her

Pasientar og brukarar si meining er viktig for oss.

Oversikt over dei ulike tilboda​ kan du lese meir om her

Pakkeforløp for psykiske lidingar hjå vaksne vart innført 01.01.19. Som ein del av innføringa er det oppretta forløpskoordinatorar ved Voss DPS NKS Bjørkeli der pasientar kan henvenda seg ved spørsmål.

  • Forløpskoordinator, døgnavdeling: Mona Stalheim, tlf. 56514000
  • Forløpskoordinator, poliklinikkane, Laila Storevik, tlf. 56514000


Eigenandel er betaling som inngår i opptjening til frikort for helsetenester. Frå 01.01.23 er eigenandelen 386,-

Dersom du betalar med bankkort etter konsultasjon/gruppebehandling vil eigenandelen verta raskare oppdatert i Helfo-systemet i forhald til om du vel faktura. 

På helsenorge.no kan du lese meir om eigenandels-ordninga

Eigenandelstaket i 2023 er 3 040​ kr og du vil automatisk få tilsendt frikort om du oppnår denne grensa. 

På helsenorge.no kan du lese meir om frikort-ordninga

Me minner om at dersom du ikkje møter til timen din vert du belasta med eit ikkje møtt gebyr (for tida 385 kr). Dette gebyret inngår ikkje i eigenadelen eller i frikortordninga. Dersom du ikkje kan møta til avtalen din må du melde frå minst 24 timar før.

Når du har fått henvisning frå lege kan du som pasient fritt velja kva sjukehus i Norge du ynskjer behandling hjå. Dersom du ynskjer å byte behandlingstad kan du fylgje denne vegvisaren på helsenorge.no

Følg denne lenka for å sjå oversikten over behandlingsstader

Frå 1. mars 2015 har du fått din eigen kjernejournal på helsenorge.no.

Kjernejournal er ei ny elektronisk løysing i Helse Vest som samlar viktige helseopplysningar i ei kjelde. I kjernejournal får helsepersonell rask og sikker tilgang til helseopplysningar slik at dei kan gje tryggare helsehjelp.

Kjernejournal har begrensa innhald og historikk, og erstattar ikkje journal hos fastlege eller på sjukehus. Den nye løysinga utgjer eit viktig supplement, særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

I din kjernejournal kan du sjå fylgjande opplysningar:​

  • Eigne registreringar
  • Kritisk informasjon
  • Legemiddel
  • Besøkshistorikk frå sjukehus
  • Logg over kven som har gjort oppslag i din kjernejournal

Ulike kjelder

Dei fleste opplysningane i kjernejournalen vert henta automatisk inn frå andre offentlege register.

I tillegg kan behandlande lege, i samråd med pasienten, registrera spesielle helseopplysningar som i ein akuttsituasjon kan få avgjerande tyding for val av helsehjelp. Desse opplysningane vert beteikna som kritisk informasjon.

Pasienten er sjølv kjelde til informasjon, og i kjernejournal har pasienten moglegheit til å registrera nokre opplysningar.

Du kan sjølv leggje inn opplysningar i din kjernejournal ved å logga inn via http://www.helsenorge.no «Min helse». Alle innbyggjarar får automatisk kjernejournal, men innbyggjaren kan reservera seg frå å ha ein kjernejournal.

Logg deg på helsenorge.no og les meir her

Som pasient har du rett til innsyn i din eigen pasientjournal. Frå og med 24.mai 2016 (somatikk) og 1.september 2016 (psykiatri) har pasientar fått tilgang til sin elektroniske journal via helsenorge.no

Logg deg på min pasientjournal og les meir her

Dersom du ynskjer innsyn i eldre dokument eller heller ynskjer kopi av din pasientjournal på papir kan du ta direkte kontakt med ditt helseføretak. ​

Dersom du har behov for transport til eller frå behandling kan du søkje pasientreiser om å få dekka utgiftene dine. Dette kan du gjere både elektronisk og på papir. 

Telefonnummer, pasientreiser: 915 05 515

Du finn meir informasjon om pasientreiser og dine rettigheitar her


Sist oppdatert 09.01.2023