Voss DPS NKS Bjørkeli er opptekne av brukarmedverknad. Me ynskjer at kvar einskild person skal føla seg delaktig og ha moglegheit for å påverka behandlingstilbodet.
Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli set me pris på om du som pasient og/eller pårørande tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema for opphaldet/behandlinga. Skjemaet er anonymt og kan enten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen.
Det er brukarrepresentant frå Mental Helse med i styret på Voss DPS NKS Bjørkeli.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.