Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontaktinformasjon

Du kan kontakta Voss DPS NKS Bjørkeli både via telefon, epost, eDialog, vanleg post og ved å komme her. Dersom du har behov for akutthjelp, må du ta kontakt med fastlege eller legevakt (tlf 116 117).

Telefon

Sentralbordet er bemanna måndag - fredag kl 08:00-15:30.

Telefon: (+47) 56 51 40 00

 

Digital melding via eDialog

eDialog kan du bruka i dialog med Voss DPS dersom du har behov for å dele sensitiv informasjon med oss. Du loggar inn med BankID på mobil, som gjer dialog med oss sikker med tanke på ditt personvern.

Det er viktig at du ikkje nyttar tenesta til haste-/akuttsaker, då saksbehandlingstid førekjem. 

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)​.

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss.

Slik fyller du ut skjemaet​​

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
  • Kommentar: Her gir du ein meir utfyllande beskriving av sendinga di.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format​​​

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".​

Melding via helsenorge.no

Helserelaterte henvendingar som reseptbestilling, timebestilling/endring, spørsmål om behandling m.v, er lett å gjera gjennom innlogging på helsenorge.no.

Ring oss dersom det hastar. 

Epost: post@bjorkeli.no

Epost skal aldri nyttast til deling av personsensitive opplysningar. I dei tilfelle du treng dele sensitive opplysningar, må du nytte eDialog, helsenorge.no eller telefon. 

Sakbehandlingstid førekjem. 

Har du behov for akutthjelp? 

Legevakt: tlf 116117

Ambulanse: tlf 113

 

Kontaktinformasjon

Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss

E-post: post@bjorkeli.no

Bjørkelivegen 27, 5705 Voss

Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund

Sist oppdatert 04.03.2025