Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilgang til eigen journal

Pasientjournal

All pasientbehanling skal dokumenterast i ein pasientjournal og du har rett til innsyn i eigen journal.

Bærbar pc

​Pasientar har hatt rett til innsyn i eigen journal sidan 1977. Sidan 2016 har alle pasientar over 16 år i Helse Vest hatt tilgang til eigen sjukehusjournal på nett utan å måtte kontakte sjukehuset fyrst. 

Les meir om rett til innsyn i eigen pasientjournal

Det er fleire måtar å få sjå pasientjournalen din på, og kva du kan få sjå er avhengig av kvar du har fått behandling, korleis du ber om innsyn, og korleis det du har bedt om blir levert til deg. 

Dette er moglegheitene du har for å be om innsyn i pasientjournalen og innsynsloggen: 

  • Tenestene på helsenorge.no: Du får innsyn med ein gong, men det er ikkje alle dokument som kan visast elektronisk. 
  • Fyll ut elektronisk skjema: Ynskje om innsyn sendast med ein gong, men dokumenta sendast til deg i posten, så dette tek noko lengre tid. Til gjengjeld kan du på denne måten få sjå nokre dokument som ikkje kan visast i den digitale løysinga. 
  • Skrive ut og sende inn PDF-skjema: Du må sjølv skrive ut og postlegge skjemaet, og dokumentene sendat tilbake til deg i posten. Dette tek lengst tid, men også på denne måten kan du sjå enkelte dokument somikkje kan visast digitalt. 

Det kan vera fleire grunnar til at ikkje alle opplysningar er digitalt tilgjengeleg for deg: 

  • Dokumentene er i eit format som me ikkje kan visa. Dette gjeld blant anna røntgenbilete, enkelte prøvesvar og journal frå fødsel. 
  • Dokumentet er ikkje godkjent (signert) av behandlar. 
  • Behandlar har ikkje godkjent journalnotat fordi ho eller han ventar på prøvesvar eller ynskjer snakke med deg om kva som står der. 
  • Nokre dokument som av juridiske eller faglege grunnar ikkje kan visast, som for eksempel resultat frå psykologiske testar eller rettspykiatriske dokument. 
  • Enkelte opplysningar kan du vera nekta innsyn i av lege eller behandlar. 
  • Du vil heller ikkje finna journal frå fastlege, tannlege eller andre behandlarar. 
Kun journaldokument godkjent etter ein bestemt dato er tilgjengeleg på nett. Desse datoane er satt fordi den nye løysinga krev at behandlarar tek stilling til om pasienten skal få innsyn i dokumenta eller ikkje, allereide i det dei skriv journaldokumentet. Tidlegare kunne dei vente med denne vurderinga til dei eventuelt fekk en førespurnad om innsyn i journal. 

Enkelte journaldokument kan ikkje visast i helsenorge-appen for Android. Du kan sjå dei ved å åpne helsenorge.no i ein nettlesar på mobil eller PC. 

I heilt spesielle tilfeller kan helsepersonell nekte deg innsyn i heile eller deler av journalen. Du kan klage på denne avgjerelsen til Fylkesmannen. Meir informasjon finn du i pasient- og brukerrettighetsloven § 5-1

På helsenorge.no kan du få digital tilgang til tilgangsloggen som viser kven som har gjort oppslag i pasientjournalen din. Det kan vera både administrative og helsemessige årsaker til at ansatte gjer oppslag i ein pasientjournal. Alle oppslag vert registrert i loggen. 

Sjølv om ein ansatt har arbeidd i din journal, betyr ikkje nødvendigvis det at den ansatte har opna dokument i den. Dersom den ansatte har opna dokument kan du sjå kva dokument som er opna. 

I tilgangsloggen finn du også lenkje til det aktuelle dokumentoppslaget det gjeld. 

Du kan også få tilsendt loggen på papir. 

Dersom du har spørsmål eller ynskjer melde om innsyn du meiner kan vera urettmessige må du kontakte Voss DPS NKS Bjørkeli. 

Tilgang til journalen vert gjeve gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen helsenorge.no. Journalen din vil kun visast når du har logga deg inn. Systemet lager ingen kopi. Så lenge du ikkje loggar deg inn finnes det heller ingen elektronisk journal på internett. 

Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne born under 12 år. 

Det er frivillig å benytte seg av digitalt innsyn i pasientjournal og logg. Om du ikkje ynskjer ta i bruk den digitale tenesta, kan du framleis be om å få det tilsendt i posten. 

Pasientjournal

Det er to måtar du kan bruke for å få kopi av dine journaldokument på papir: 

Logg

For å få tilsendt innsynslogg i post kan du bruke eitt av fylgjande to skjema: 
Om du har spørsmål om oppslaga som er gjort, bruker du eitt av fylgjande to skjema: 
 

Feil, retting og sletting

Feil kan førekome
 
Pasientjournalen din kan bestå av mange ulike typar dokument. Nokre av desse er skanna inn manuelt. Det betyr at me aldri vil kunne sikre oss heilt mot at det skjer feil. Av personvernhensyn må du sjølv melde frå om det er feil i din journal. 
 
Om du ser andre personars opplysingar

Om du oppdager at dokument som tilhøyrer andre personar i din journal må du straks ta kontakt med sjukehuset per telefon slik at feilen kan rettast opp så raskt som mogleg. 

 

Melde frå om andre feil
 
Om du vil melde frå om andre feil i journalen og rette eller slette dei, kan du bruke dette skjema: 
 
For at sjukehuset skal kunna sjekka konkrete tilfeller i journalen må henvendelsen vera skriftleg. 

Ynskjer du å sperre journalen din slik at bestemte helsepersonell ikkje får tilgang til den, må du fylle ut skjema for sperring av tilgang for helsepersonell, skrive det ut og sende til Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss. 

Sist oppdatert 02.01.2023