Barn som pårørande

Når ein du er glad i, for eksempel mamma, pappa, ei vaksen syster eller bror, blir psykisk sjuk og kanskje innlagd på Voss DPS, er det ganske vanleg å bli bekyrma eller lei seg, eller få andre vanskelege tankar og følelsar.

Barnerommet på Voss DPS
Barnerommet på Voss DPS

Psykisk sjukdom kan forklarast som ein slags tankesjukdom. Den sjuke tenkjer mange triste, sinte, rare eller redde tankar. Oftta er kjenslene veldig sterke. Det er mange ulike måtar å vera psykisk sjuk på. Ofta er det slik at tankane, kjenslene og veremåten forandrar seg og blir annleis og forstyrra. 

​Den som er psykisk sjuk forandrar seg

​Den sjuke kan verta veldig trist, grina mykje, sova mykje om dagen og kanskje dårleg om natta. Vanlege ting som har vore lett før, vert vanskeleg å få gjort, som for eksempel å laga mat, halde huset reint, vaske klede, laga matpakkar, hjelpa med lekser, gjera kjekke ting. Nokre blir veldig redde for ting dei elles ikkje er redde for, for eksempel å ta bussen eller gå i butikken. 

Andre kan bli fort sinte utan grunn og kjefta mykje. Nokre kjøper masse dei ikkje har brukt for, seier rare ting, eller snakkar med seg sjølv. Nokre tenker berre på seg sjølv. 

Men nokre gonger klarar dei som er sjuke å skjula at dei har det vanskeleg, og barna merker ikkje så mykje til at den vaksne ikkje har det bra. 

Av og til kan det være vanskeleg å snakka saman i familien om sjukdomen.

Me på Voss DPS kan snakka med deg om det du er oppteken av i samband med at mamma eller pappa er sjuk.

Når du veit kva sjukdomen går ut på, korleis den verkar og kva behandling den som er sjuk får så kan kvardagen bli litt lettare.


Vanlege reaksjonar hjå barn

​Nokre barn synes det er vanskeleg å gjera lekser og konsentrera seg på skulen fordi dei tenkjer så mykje på den som er sjuk. Nokre blir redde dersom den som er sjuk må på sjukehus, og synes det er vanskeleg at den sjuke ikkje er heime slik at dei kan passa på. 

Nokre barn har sagt at dei vert sinte på den som er sjuk, men at dei er glade for at dei som jobbar på sjukehuset passar på den sjuke. Nokre barn har fotalt at dei trur det er deira skuld at den vaksne har blitt sjuk. 


​​Viktig å vite: 

  • Det er aldri barn si skuld at den vaksne har blitt sjuk.
  • Barn kan ikkje gjera den sjuke frisk. Det er vaksne som må ta seg av. ​
  • Det går an å bli frisk av psykisk sjukdom, men nokre kan bli sjuke att seinare. Andre blir ikkje heilt frisk men vert mykje betre. 
  • Psykisk sjukdom smittar ikkje, sjølv om barn også kan bli lei seg når ein dei er glad i er sjuk. 
  • Barn har lov til å ha det bra og fortsetje med aktivitetar som er kjekke sjølv når den vaksne har det vanskeleg. Sysken kan reagera forskjellig, og det er greit og heilt normalt. 
  • Det er lurt å snakka med ein vaksen som du stoler på om korleis du har det når mamma, pappa, ei vaksen syster eller bror er sjuk, for eksempel læraren eller helsesjukepleiar på skulen din, ei grei tante eller ein hyggeleg nabo. 
  • Du er ikkje aleine! Det er ganske vanleg å bli psykisk sjuk ein gong i løpet av livet, og det er mange barn som har det som deg. 

Du kan ringa oss dersom du har spørsmål eller ynskjer nokon å prata med.

Voss DPS NKS Bjørkeli sitt telefonnummer: 56 51 40 00

Borgny Instanes: koordinator og barneansvarleg, rehabiliteringspoliklinikk

Kristine Elise Kjerland, barneansvarleg, døgnavdeling

​​Jenny Tøn, barneansvarleg, allmennpsykiatrisk poliklinikk

Sist oppdatert 04.04.2023