Openheitslova
Verksemder har plikt til å offentleggjere ei utgreiing av gjennomført aktamheitsvurdering. Openheitslova stiller minimumskrav til utgreiinga. Voss DPS NKS Bjørkeli AS (heretter omtala som Voss DPS) gjev her opplysningar om korleis me jobbar for å vareta krava i openheitslova.
Organisering
Voss DPS er organisert som eit privat ideelt aksjeselskap. Me er 100% eigd av Norske Kvinners Sanitetsforening, Hordaland-Sør, som er fylkeslag i N.K.S. Me har driftsavtale med Helse Vest RHF som gjev oss ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern for vaksne i Voss lokalsjukehus sitt opptaksområde, det vil sei kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord. Ansvaret er også kalt “sørge for ansvar”.
Vårt organisasjonsnummer er 916270097.
Vår hovudinntekt er driftsmidlane frå Helse Vest RHF som utgjer omlag 90% av våre inntekter. Resterande inntekter er mellom anna pasientinnbetaling og refusjon frå HELFO.
Direktør rapporterer til styret og er dagleg leiar etter aksjelova. Styreleiar er Geir Lien. Direktør og dagleg leiar er Vegard Stalheim Kolve.
Ansvarleg verksemd
Aktsamheitsvurdering
Aktsamheitsvurdering for 2022 kan du laste ned her.pdf
Be om innsyn
Dersom du ynskjer innsyn i korleis Voss DPS jobbar med openheitslova må det skje skriftleg. Du kan anten sende epost til post@bjorkeli.no eller med vanleg postgang til: Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
Lovdata: Openheitslova