Om Voss DPS NKS Bjørkeli

Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Voss lokalsjukehusområde: Voss, Granvin, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik. Vi gjer eit allmennpsykiatrisk behandlingtilbod til vaksne med psykiske lidingar, etter tilvising frå fastlege.

 

Voss DPS har ei døgnavdeling og tre poliklinikkar som er organisert under ei poliklinikkavdeling. Direktør ved Voss DPS er Frédéric Larsen.

Døgnavdelinga leias av Anne Kari Gjeraker. Avdelinga har 12 sengar og er tverrfaglig sammensatt av psykiater, lege i spesialisering (LIS), psykologspesialist, psykolog, sjukepleiarar og vernepleiarar med videreutdanning innen psykisk helsevern, hjelpepleiarar, aktivitørar, aktivitetsleiar og sosionom. Døgnavdelinge held til i 3. høgd i bygg 1.

Poliklinikkane leias av Astrid Aunan. Almennpsykiatrisk poliklinikk (tidligare VOP) har ca 10 behandlarårsverk; psykiatarar, LIS og psykologar. Poliklinikken held til i 3. høgd i bygg 3.

Rehabiliteringspoliklinikken (tidligare PRT) har ca 7 behandlarårsverk; psykiatar, psykolog, vernepleiarar, ergoterapeut, sosionom, alle med vidareutdanning innen psykisk helsevern og/eller rus.

Poliklinikken held til i 1. høgd i bygg 3. Gruppepoliklinikken har ca 9 behandlarsårsverk; psykiatar, psykologspesialist, psykolog, sjukepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og fysioterapeutar. Poliklinikken held til i 2. høgd i bygg 1.

Administrasjonen held til i 1. høgd i bygg 1.

Oppgåver:

DPSets oppgåver er forankra i spesialisthelsetjenesteloven § 3-8:

  1. Pasientbehandling
  2. Utdanning av helsepersonell
  3. Forsking, og
  4. Opplæring av pasientar og pårørande
Sjå også "DPS-veiledar" (IS-1388) hjå helsedirektoratet sine nettsider her

Organisasjon:

Voss DPS NKS Bjørkeli A/S er et privat ideelt aksjeselskap som ikkje tar utbytte. Vi får driftsmidler og oppdragsbestilling direkte fra Helse Vest RHF. Selskapet er 100% eid av NKS Hordaland.

Styreleiar i Voss DPS NKS Bjørkeli A/S er Ragnhild Skjerveggen.

Fant du det du lette etter?
Tilbakemeldingen vil ikke bli besvart. Ikke send personlig informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.