Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Om oss

Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Voss lokalsjukehusområde: Voss, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik. Vi gjer eit allmennpsykiatrisk behandlingtilbod til vaksne med psykiske lidingar, etter tilvising frå fastlege.

Voss DPS har ei døgnavdeling og tre poliklinikkar som er organisert under ei poliklinikkavdeling. Direktør ved Voss DPS er Vegard Stalheim Kolve.

Døgnavdelinga leias av avdelingsleiar, Anne Kari Gjeraker. Avdelinga har 12 senger og er tverrfaglig sammensatt av psykiater, lege i spesialisering (LIS), psykologspesialist, psykolog, sjukepleiarar og vernepleiarar med videreutdanning innen psykisk helsevern, hjelpepleiarar, aktivitørar, aktivitetsleiar og sosionom. Døgnavdelinge held til i 3. høgd i bygg 1.

Poliklinikkane leias av avdelingsleiar Anders Christensen. Allmennpsykiatrisk poliklinikk (tidligare VOP) har ca 10 behandlarårsverk; psykiatarar, LIS, psykologar og klinisk sosionom. Poliklinikken held til i 3. høgd i bygg 3.

Rehabiliteringspoliklinikken (tidligare PRT) har ca 8 behandlarårsverk; psykiatar, psykolog, vernepleiarar, ergoterapeut, sosionom, musikkterapeut, alle med vidareutdanning innen psykisk helsevern og/eller rus.

Gruppeteamet held til i bygg 3 og har ca 7 behandlarsårsverk; psykiatar, psykolog, sjukepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut.


Administrasjonen held til i 1. høgd i bygg 1.

DPSets oppgåver er forankra i spesialisthelsetjenesteloven §3-8:

  1. Pasientbehandling
  2. Utdanning av helsepersonell
  3. Forsking
  4. Opplæring av pasientar og pårørande

På Helsedirektoratet.no kan du lesa om dei nasjonale anbefalingane, råd, pakke- og pasientforløp

Voss DPS NKS Bjørkeli A/S er eit privat ideelt aksjeselskap som ikkje tar utbytte. Vi får driftsmidlar og oppdragsbestilling direkte fra Helse Vest RHF. Selskapet er 100% eigd av NKS Vestland-Sør.

Styreleiar i Voss DPS NKS Bjørkeli A/S er Geir Lien. 

Sist oppdatert 08.10.2024