Behandling

Døgnbehandling - psykiatri

Døgnbehandling (innlegging) kan bli brukt i periodar med behov for kontinuerleg oppfølging. Døgnbehandling er som poliklinisk behandling (behandling utan innlegging), men den er meir intensiv, med meid omfattande og konsentrerte hjelpetiltak. Målet er å gi deg kontroll over symptoma så raskt som mogleg.

Før

Innlegging til døgnbehandling skjer på tre måtar, som planlagt innlegging, øyeblikkeleg hjelp, eller under tvang.

Planlagt innlegging

Fastlegen eller poliklinikken søker om innlegging på vegne av deg. Du vil bli kalla inn til eit formøte med behandlar. Saman går de gjennom kva slags behandling som er best for deg. Du vil også få praktisk informasjon som du treng for å forberede deg til opphaldet. 

Øyeblikkeleg hjelp

Ved alvorlege symptom som kjem plutseleg, kan det vere aktuelt med akutt innlegging. Det er fastlegen, legevakt eller poliklinisk behandlar som vurderer om det er behov for innlegging. Den endelege avgjerda skjer på sjukehuset. Akutte innleggingar kan skje heile døgnet.

Tvang

Ved alvorlege lidingar kan du bli innlagt ved ei døgnavdeling i psykisk helsevern mot eigen vilje (tvungent psykisk helsevern). Tvungent psykisk helsevern er regulert gjennom Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven).

Loven seier blant anna at tvang berre skal bli brukt når frivillig psykisk helsevern har blitt forsøkt, utan at dette har ført fram, eller det er openbart formålslaust å forsøke dette.



Under

Behandlinga som blir tilbydd ved ein døgnpost i psykisk helsevern, er stort sett den same som ved poliklinisk behandling (behandling utan innlegging). Målet er å få kontroll over symptoma dine så raskt som mogleg. 

Fordelar ved behandling på ein psykiatrisk døgnpost er at hjelpetilbodet kan vere omfattande med konsentrert innsats, du får oppfølging heile døgnet og du får trygge rammer rundt deg i ein vanskeleg fase av livet

Kor lenge varer behandlinga?

Kor lenge du har behov for døgnbehandling, blir fortløpande diskutert mellom ansvarleg behandlar og deg. Ved frivillig innlegging kan du sjølv velje å skrive deg ut. Ved tvungent psykisk helsevern er det spesialist i psykiatri eller psykologspesialist som bestemmer når du er klar til å bli skrive ut. Likevel vil du vere med på å vurdere lengda av behandlinga.



Etter

Kva slags oppfølging du treng, er avhengig av kor alvorlege symptomer du har. Nokre treng tett oppfølging og behandling i poliklinikk. Andre har fått så god kontroll over symptoma at dei kan få nødvendig hjelp hos fastlegen. I løpet av døgnbehandlinga blir det bestemt kva slags oppfølging du treng vidare. 

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Døgnavdeling

Kontakt Døgnavdeling

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3


En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss