Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Brukerstyrt plass

Brukarstyrt plass innan psykisk helsevern betyr at innlegging i døgneining skjer på initiativ frå pasienten sjølv,  som del av ei pågåande behandling i spesialisthelsetenesta.

Du har mest erfaring med eiga liding og eigne behov, og eit opphald på brukarstyrt plass kan bidra til raskare betring. Å komme raskt og enkelt i kontakt med hjelpeapparatet kan bidra til å redusere forverring av symptom ved psykiske lidingar. 

Det er behandlande sjukehus som avgjer om din tilstand kan eigne seg for behandling i brukarstyrt plass.

Før

For å disponere brukarstyrt plass, er det vanleg med ein skriftleg avtale mellom pasient og behandlingseining. I avtalen bør det komme fram kva forventingar pasienten har til innhald ved innlegging på brukarstyrt plass, og kva behandlingseininga kan tilby, inkludert varigheit og rammer for opphald. Pasientar som legg seg sjølv inn på brukarstyrt plass, bør ta med seg toalettartiklar, klede og ev. andre nødvendige ting for ei kortvarig innlegging.



Under

Når du er innlagt vil du få støtte og struktur i kvardagslege gjeremål og korleis du fungerer er sentralt. Under opphaldet vil du bli ein del av det fellesskapet som er sett saman av andre innlagte pasientar og personalet. 

Etter

Etter utskriving frå brukarstyrt plass, fortset behandling og oppfølging som før innlegginga.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Døgnavdeling

Kontakt Døgnavdeling

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3


En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss