Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Videokonsultasjonar

Me tilbyr polikliniske videokonsultasjonar der behandlar vurderer det som forsvarleg og pasienten ynskjer det. Ta kontakt med din behandlar om du har spørsmål. Her er informasjon til deg som har fått innkalling til videokonsultasjon ved Voss DPS NKS Bjørkeli.

Sikkerheit/personvern

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasientrettigheitslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandling av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og nødvendige helseopplysningar skal journalførast på lik linje som om samtalen skulle gå føre seg ansikt til ansikt eller per telefon. Opplysningar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du som pasient set deg imot dette).

Videokonsultasjonsløysinga JOIN ​har ei kryptert linje, og samtalen (inkludert lyd og bilde) blir ikkje lagra verken på internett, eller på våre serverar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å nytte videokonsultasjon, og du treng ikkje gje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjonen ansikt til ansikt. Du kan når som helst, og utan å gje nokon grunn, trekkje tilbake  samtykket ditt til å nytte videokonsultasjon. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for det vidare behandlingstilbodet ditt frå nokon instansar i helsevesenet. For å trekkje tilbake  samtykket ditt, kontakt DPSet. 

Praktiske instruksjonar

Dette treng du:

  • PC, telefon eller nettbrett, som har kamera, mikrofon og høgtalar. Headset med mikrofon kan vere nyttig, men er ikkje obligatorisk.
  • Tilgang til internett.
  • Eit rom kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør også ha god belysning, slik at behandlaren din kan sjå deg godt.

 

Slik koplar du opp til møtet:

Du vil motta ei lenke via sms, ca 5 minutter før timen. 

Bruk nettlesar "Chrome" eller "Firefox". Skriv inn adressa/lenka du har fått på sms i adressefeltet. Følg instruksjonane. Merk: Det krevast ingen installasjon av ekstern programvare, alt foregår i nettlesaren. 

Trykk på lenka på sms'en, følg instruksjon. Alt foregår i nettlesaren. 

  1. Alle involverte må presentere seg. Dersom du har med ein ven/pårørande er det viktig at vedkomande blir presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller bygningen der du er.
  2. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtalen (inkludert lyd og bilde). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no

Andre viktige moment

Husk at behandlaren ikkje ser «heile deg», og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med  ved fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.

Handtering av eventuelle problem
​Problem​Løysing
​Det har skjedd ei forverring av helsa di som gjer at du er usikker på om videosamtale er riktig​Du må ta kontakt med DPSet så snart som mogleg, sjå kontaktinformasjon på våre nettsider. 
Behandlar er forseinka
​Forseinkingar kan oppstå på same måte som på den vanlege poliklinikken. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med DPSet.
​Du er forseinka​Ta kontakt med DPSet. Du kan risikere at konsultasjonen må utsetjast.
​Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fred​Ring DPSet. Viss du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, må behandlar vurdere om det er godt nok, eller om du må få ein ny time.
Du klarer ikkje kople deg på møtet​Ring DPSet. 


​Nokon kjem inn i rommet​Gi beskjed til behandlaren at du ikkje lenger er åleine slik at samtalen blir sett på pause. Dersom mogleg, sørg for at du igjen får rommet for deg sjølv.
​Anna uventa hending​Hendingar som gjer at informasjon om deg og helsa di kan bli fanga opp av andre, eller som gjer at samtalen ikkje kan gjennomførast, medfører at vi tar pause eller avsluttar videokonsultasjonen. Dersom det er føremålstenleg går ein over til telefon for å diskutere kva de skal gjere vidare.


Sist oppdatert 03.02.2022