HELSENORGE

Ledige stillingar

Voss DPS har driftsavtale («sjukehusavtale») med Helse Vest RHF og eigast av N.K.S. Vestland-Sør. Me er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsykehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord, ca 24.000 innbyggjarar over 18 år.

Voss DPS består av ei døgnavdeling med 12 senger og ein poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Me har 75 ansatte. Me er tverrfagleg samansatt med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, klinisk sosionom, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Me har tett samarbeid med Helse Bergen. Me har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.

Voss DPS ligg ein drøy time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Me har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.

Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboer. 



Naturbilde, person på ski
Foto: J.Tøn

LEGE I SPESIALISERING (LIS3) POLIKLINIKK, 100% FAST

Me har ledig fast 100% stilling for LIS3.

Som lege ved Voss DPS NKS Bjørkeli vil du få varierte arbeidsoppgåver. Oppgåvene består blant anna i utgreiing, behandling, undervisning, vegleiing mot fyrstelinja m.m

Voss DPS NKS Bjørkeli har totalt 4 overlegar (spesialistar i voksenpsykiatri) og 4 stillingar for legar i spesialisering. Me har også psykologspesialistar og psykologar, i tillegg til eit tverrfagleg miljø samansatt av sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeutar, sosionomar, ergoterapeutar, musikkterapeut og meir.


Kvalifikasjonar

  • Søkjar må beherska norsk språk skriftleg og munnleg
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon
  • Søkjar må ha fullført LIS1


Personlege eigenskapar

  • Det vert lagt vekt på personleg eignaheit og gode samarbeidsemne.

Voss DPS tilbyr

  • Løn etter overeinkomst med Virke
  • Pensjonsordning KLP
  • Solid fagmiljø med erfarne og engasjerte medarbeidarar

For nærare opplysningar kontakt

Frédéric Larsen, direktør, tlf 56 51 40 00


Oppstart: Etter avtale

Søknadsfrist: Snarast

Søknad sendast til post@bjorkeli.no ​

PSYKOLOGSPESIALIST, 100% FAST

Me har ledige 100% faste stillingar ved Voss DPS NKS Bjørkeli.

Stillingane er ved poliklinikk og døgnavdelinga. 

Felles for stillingane er arbeidstid, mandag - fredag, 08:00-15:30.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og samarbeid med fyrstelinja.
  • Dokumentere iht. interne retningslinjer og krav.
  • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
  • Rettleie fyrstelinja.


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog er eit krav
  • Ynskjeleg med spesialist i klinisk vaksenpsykologi
  • Relevant klinisk erfaring
  • Utgreiings- og behandlingskompetanse vert vektlagt
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner

 

Me tilbyr

  • Stillingsbrøk 100%
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø
  • Kurs og rettleiing etter avtale
  • Internundervisning og lokale rettleiingsgrupper
  • Nye lokaler
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
  • Dokumentasjon skjer på valgfri målform (nynorsk/bokmål/riksmål)
  • Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert)


Me jobbar med eller utviklar oss innan blant anna

  • Kunnskapsbasert praksis
  • Arbeidsretta behandling
  • Integrasjon rus/psykisk helse
  • LOVePROM (Kjernebatteriet)
  • EMDR og CT-PTSD for traumer


Tiltredingsdato: etter avtale

For nærare opplysningar kontakt: 

Cathrine Stue Børhaug, avdelingsleiar poliklinikkane, tlf 56 51 40 00

Anne Kari Gjeraker, avdelingsleiar døgnavdelinga, tlf 56 51 40 00

​​Søknad og CV kan sendas per epost: post@bjorkeli.no 

HELGESTILLING, 15,26% FAST

Me har ledig 1 fast helgestilling 15,26%, med arbeid kvar 6.helg, for sjukepleiar/vernepleiar eller med anna relevant utdanning/arbeidserfaring. 

Tiltredingsdato: 01.03.23

Søknadsfrist: 30.01.23

Kontaktperson: avdelingsleiar Anne Kari Gjeraker, tlf 56514000

Søknad sendast til post@bjorkeli.no eller Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss. 

​SOMMARVIKARAR 2023

Me treng dag- og nattevakter. Me søkjer sjukepleiar/vernepleiar og studentar i relevant utdanning. 

Tidsrom: 26.06.23-20.08.23

Søknadsfrist: 30.01.23

Kontaktperson: avdelingsleiar Anne Kari Gjeraker, tlf 56514000

Søknad sendast til post@bjorkeli.no eller Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss. 


Fann du det du leita etter?