HELSENORGE

Klageinstansar

Målsetjing; Å sikra at pasienten blir ivaretatt med omsyn til klagerett, kvalitet på behandlinga, rettsikkerheit, samt ved feilbehandling. 

Kontrollkommisjonen

Kontrollkommisjonen behandlar klager på innlegging, bruk av tvang og liknande. Besøkjer institusjonen ca. annan kvar mnd. Den som fremjar sak for kontrollkommisjonen bør ha eigen advokat. Advokathjelp er gratis når det vert fremja sak om tvangsbruk. Institusjonen bistår med å skaffa advokat. Leiar for Kontrollkommisjonen kan ein kontakta direkte eller pr. brev:


Advokat Arild Birkeland (leiar)
Hadlabrekko 94
5417 Stord
epost: arild.birkeland@responsa.no 
Tlf. 99272656

Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren behandlar klager på innhaldet i / kvaliteten av behandlinga. Statsforvaltaren ​​kan ein kontakta pr. telefon, brev eller ved direkte frammøte. For å lese meir om Statsforvaltaren samt få kontaktopplysningar, klikk her (ekstern lenkje: Statsforvaltaren.no)​

Pasient- og brukarombudet​

Pasient- og brukarombudet skal vera pasienten sitt talerøyr og arbeida for pasientens rettssikkerheit. Dei gjev råd og veiledning dersom du har ei sak i høve til dei som er involvert i pasientbehandlinga. Pasient- og brukarombudet kan kontaktes pr. telefon, brev eller ved direkte frammøte. 

For å lese meir om Pasient- og brukarombudet samt få kontaktopplysingar, klikk her (ekstern lenkje: Pasient- og brukarombudet) 

Pasientskadeerstatning

NPE er ein statleg etat underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Dei behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter behandlingssvikt i helsetenesta. Saksbehandlingen er gratis.

For å lese meir om pasientskadeerstatning samt kontaktinformasjon om deira tenester, klikk her (ekstern lenkje: Norsk pasientskadeerstatning)



Fann du det du leita etter?