HELSENORGE

For samarbeidspartnarar

For Voss DPS NKS Bjørkeli er det viktig å ha gode relasjonar til våre samarbeidspartnarar. På denne sida vil du finna informasjon som kan vera relevant for samarbeidet med oss. 

Bygg 1 og bygg 3

​​Korleis henvise til oss?

Henvisningar som kjem til Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS), må innehalda visse opplysningar for at det skal kunne gjerast ei god og rask vurdering av pasienten sin helsetilstand og kva tilbod pasienten eventuelt kan få i DPSet. Voss DPS har også tilbod om akutthjelp (poliklinikk). 

​​Kven kan henvise? 

​Henvisninga kan komma frå fastlege/alllmennpraktiserande legar, privatpraktiserande legespesialistar, privatpraktiserande psykologspesialistar, samta anna helsepersonell som har rett til å henvise til spesialisthelsetenesta. 

Kartleggjing og henvisning

​Ved kartleggjinga må henvisande instans, så langt det let seg gjera, sørgje for at pasient og eventuelt pårørande deltek for å sikre god informasjonsutveksling og dialog. 

Henvisande instans bør, så langt som mogeleg, gjennomføra ei kartleggjing som inkluderer punkta under før henvisning vert sendt. Tolk må nyttast dersom det er naudsynt. Ved samtidige tenester bør henvisning koordinerast. ​Dersom henvisande instans ikkje er fastlege, bør det konfererast med fastlege før henvisning vert sendt. Pasienten bør få kopi av henvisning. 

​​Aktuell problemstilling

  • Pasientens opplevelse av eigen situasjon og ønskje om hjelp
  • Mogelege utløysande årsaker til problema, som f.eks belastande livshendingar
  • Tidlegare behandlingserfaring og effekt av denne
  • Symptomutvikling og funksjonsnivå
  • Iverksett behandling og effekt av denne
  • Pasienten sine ressursar
  • Rusmiddelbruk
  • Psykiatrisk status inkludert risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord
  • Somatisk status
  • Tilleggsundersøkingar med eventuelle funn​

Familie/sosialt

  • Familiesituasjon
  • Barn som pårørande eller midreårige søsken
  • Arbeid/skule
  • Tolkebehov og kva språk det gjeld

​​Tidlegare sjukdommar

  • ​Tidlegare psykiske problem eller lidingar
  • Tidlegare og noverande somatiske sjukdommar av betydning

Forventa utgreiing/behandling

  • ​Begrunning for henvisning og forventa nytte av utgreiing/behandling

Relatert helsepersonell

  • ​Noverande tilbod frå andre tenestestader

​​​Legemidler

  • Legemidler i bruk (LIB), og relevant tidlegare legemiddelbruk

Kritisk informasjon om allergi og ev. smitterisiko

  • ​Informasjon i kjernejournal

​​

Korleis vert henvisninga behandla

​Pasientar som vert henvist til Voss DPS, har rett til å få ei vurdering av sin helsetilstand jfr. pasientrettigheitslova §2-2. Henvisning skal vurderast i løpet av maksimalt 10 virkedagar frå den er mottatt. 

Tilbakemelding på henvisninga

Pasienten og henvisande instans får tilbakemelding om korleis henvisning er blitt vurdert. Tilbakemelding kjem via helsenorge.no, brev, og i enkelte tilfeller også via telefon. 

Akutthjelp (AH)

​Voss DPS har bakvakt som svarar på akutthenvendelsar, kvardagar mellom 08:00-17:00. Akutt-time er kl 11:00. Henvisar ringer til sentralbordet (tlf 56514000) og viser til behov for AH og blir sett over til bakvakt på DPSet. Vakthavande lege/psykolog tek i mot henvendelsar ang.:

  • AH-time same dag eller dagen etter
  • Råd/rettleiing vedrørande akuttbehandling

Dersom det er aktuelt med innlegging, må pasienten kunna møta til innleging same dag, seinast kl 14:00. Eventuelt kan innlegging skje påfylgjande virkedag. 

Dersom det er behov for akutthjelp utanom våre opningstider, må ein kontakte legevakten (tlf 116117). 

Voss DPS har ikkje AH-funksjon på døgnavdelinga. 

Ved behov for akutt-innleggelse, kontakt Helse Bergen HF, Sandviken sykehus. ​

​Informasjon om samarbeid

Saman.no er ein felles nettstad for samhandling og samarbeid mellom kommunar og sjukehus i Helse Bergen sitt føretaksområde. Besøk nettstaden til saman.no her​​, for fullstendig oversikt over samarbeidsstruktur, gjeldande samarbeidsavtalar, fagleg samarbeid, kontaktinformasjon i kommunar/helseføretak og nyheiter om samhandling i området. 

​Rapporter​ avvik

Avvik i behandling, organisering eller samhandling samt forbedringsforslag kan sendast til post@bjorkeli.no ​

NB! Ikkje send helse- og personopplysningar i epost. Dersom det er behov for det, må du sende brev eller ringe oss; tlf. 56514000

Kontaktinformasjon

På denne sida finn du meir informasjon om korleis du kan kontakte oss ​​​


Fann du det du leita etter?