Voss DPS er godkjent som insitusjon for spesialisering av legar i spesialisering (LIS). Alle psykologane ved DPSet er under spesialisering.
Lege i spesialisering (LIS)
Me har LIS på døgnavdelinga og på poliklinikkavdeling. Typisk kan LIS-kandidat vera allmennlege som ynskjer å bli allmennlegespesialist og treng eit sjukehusår, eller legar som ynskjer å bli spesialistar i psykiatri (psykiater).
Spesialisering av psykologar
Alle våre psykologar går i spesialiseringsløp, stort sett mot spesialist i klinisk vaksenpsykologi, men også andre retningar, til dømes spesialist i psykoterapi.