Doktorgradprosjekt om engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring
I juni 2022 starta me eit kvalitativt doktorgradsprosjekt som skal undersøke korleis personar med engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring er aktørar i eige kvardagsliv og i terapien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Voss DPS NKS Bjørkeli og Universitetet i Bergen og er støtta av Forskingsrådet. Prosjektet varar i fire år og er planlagt ferdig sommaren 2026. Det er både forskarar, klinikarar og medforskarar som har eigenerfaring med engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring med i prosjektgrupa.
Bakgrunnen for prosjektet er at engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring er den vanlegaste personlegdomsforstyrringa i Noreg. Rundt fire prosent av den norske befolkninga og mellom ti og 40 prosent av pasientar i psykisk helsevern har lidinga. Nokre studiar har også vist at engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring kan vera ein negativ prognostisk faktor i behandling av andre psykiske lidingar. Den personlege påkjenninga for dei som strever med desse vanskane er stor. Dei unngår gjerne sosiale situasjonar i stort omfang, mellom anna på grunn av ei kjensle av at det er noko gale med dei, lav sjølvtillit og frykt for kritikk. Dei har oftare kroniske depresjonar og kjenner seg meir einsame. Det er også store sosiale kostnadar forbunde med lidinga, fordi engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring er forbunde med stor funksjonssvikt. Dei har fleire psykiske og fysiske helseproblem, det er mindre sannsynleg at dei finn seg partnar, jobb og tek høgare utdanning. Det er meir sannsynleg at dei får sosial velferd.
Likevel er engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring lite forska på, og me har ingen gode evidensbaserte metodar for å behandle lidinga. Me veit framleis for lite om kva som er kjerneproblema og kva som ville vore ein effektiv måte å behandle dei på. Me vil bidra til utvikling av betre behandling for dei med engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring gjennom betre forståing av dei komplekse samspelsprosessane som påverkar utfall av behandling for denne pasientgruppa. Eit hovudmål med prosjektet er å undersøke korleis dei med engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring opplev moglegheiter, barrierar og utfordingar når det gjeld å vera aktør i eigen tilfriskning. Av di det pasienten sjølv gjer for å bli betre er den sterkaste faktoren for utfall av terapi. Eit anna og tilgrensande mål, er å utforske korleis dei opplev at relasjonen til terapeuten kan framme eller skape barrierar for agens og tilfriskning. Samarbeidsrelasjonen har nest mest verknad for terapiutfall.
Undersøkinga skal gjerast gjennom nettbaserte kvalitative spørjeskjema til pasientar som har eller har hatt engsteleg unnvikande personlegdomsforstyrring ulike stadar i landet. I tillegg skal det utførast djupneintervju med deltakarar og terapeutar i pågåande terapi.
Ta kontakt med oss på post@bjorkeli.no om du vil veta meir eller har innspel til prosjektet.