Dine rettar og betaling
Sjølv om møtet med legen skjer på ein annan plass enn på sjukehuset, er det framleis dei same reglane for teieplikt og personvern som gjeld. Under kan du gjere deg kjent med kva reglar som gjeld og få meir informasjon om betaling.
Teieplikt og personvern
På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasient- og brukarrettslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandlinga av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og naudsynte helseopplysingar skal førast i journalen på lik linje som om samtalen skulle skje andlet til andlet eller per telefon. Opplysingar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er naudsynt for å gje deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du motset deg dette).
Den valde videokonsultasjonsløysinga har ei kryptert linje, og samtalen (inkludert lyd og bilete) vert ikkje lagra, korkje på internett, eller på våre serverar.
Frivillig deltaking
Det er frivillig å nytte videokonsultasjon, og du treng ikkje oppgje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjon andlet til andlet. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for ditt vidare behandlingstilbod frå instansar i helsevesenet.
Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding. Er det mindre enn to verkedagar att til timen din, må du kontakte oss direkte på telefon, måndag til fredag mellom klokka 0800 til 1530.
Dokumentasjon og betaling
Videokonsultasjonen vert dokumentert som ein vanleg konsultasjon i din journal og eigenandelen er den same som ved annan poliklinikk.
Krav om eigendel vert sendt som faktura i etterkant av konsultasjonen. Pasientar med frikort, og born under 16 år betalar ikkje eigendel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år.