Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tvangslidelser hos voksne

Er du ramma av tvangslidingar (OCD), inneber det at du er plaga av tilbakevendande ubehageleg tankar og/eller tvangshandlingar. Det finst to dokumenterte verksame behandlingsmetodar, og førsteval er ulike variantar av metoden eksponering med responsprevensjon (ERP). Resultata er svært gode og 60–70 prosent av dei som får kvalitetssikra ERP-behandling blir mykje betre i løpet av behandlinga. Det er også vist at mange kan oppnå betring gjennom medikamentell behandling.

Tvangslidelse kjennetegnes av tilbakevendende ubehagelige og uønskede tanker eller tvangshandlinger. Tvangslidelser kan behandles.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Det er rekna med at rundt 0.2–1 prosent av befolkninga har ei tvangsliding. Tvangsliding rammar tidleg i livet og ubehandla blir den ofte kronisk (Frå Nasjonal implementering av behandling for tvangsliding).

Tvangsliding (OCD) kan verke på mange ulike måtar. Felles er at ein slit med påtrengjande og hyppig tilbakevendande tankar som gir stor angst og ubehag (tvangstankar) og som ein prøver å kontrollere eller bli kvitt ved å utføre mentale eller fysiske ritual (kompulsjoner/tvangshandlingar).

Tilvising og vurdering

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell vise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising blir send til lokalt DPS og bør innehalde ei kort beskriving av dei aktuelle tvangstankane og tvangshandlingane, og omfanget av problema. Det blir også tilrådd at det i tilvising blir bede om at pasienten blir sekundærvist til OCD-team for utgreiing og eventuell behandling av tvangsliding (OCD).

Utredning

Før du startar i behandling for tvangslidingar må du gjennom ei utgreiing for å avklare diagnosen nærmare. Dette for at behandlar skal tilpasse behandlinga di best mogleg og kunne sjå vekk frå eventuelle andre lidingar (komorbide tilstandar).

Utgreiinga består av:

  • Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju.
  • Relevante skjema som du skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema).
  • Informasjon om sjukdomshistoria di (anamnese).
  • Observasjonar fra behandlarar (kliniske observasjonar).

Behandling

I all behandling er det viktig at du saman med behandlar blir samd om mål for behandlinga. Det finst to dokumenterte verksame behandlingsmetodar for OCD:

  • ulike variantar av eksponering med responsprevensjon (ERP)
  • medikamentell behandling

For deg som har ein tvangsliding finnst det fleire mogelege variantar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme frem til saman. Dette er kalt samvalg. Å vere med og bestemme er ein rettigheit du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Skal behandlinga hjelpe, må ho gjerast på rett måte og i rett dosering. Det inneber at det må leggjast til rette slik at behandlinga kan vere hovudfokus i den perioden behandlinga varer. Det blir gjennomført rutinemessig evaluering av kvart behandlingsforløp for å sikre at behandlinga blir tilboden med nødvendig kvalitet. Dette blir gjort gjennom intervju og spørjeskjema.

Skal behandlinga ha effekt, må ein som pasient ha teke eit val om å bli kvitt lidinga og saman med behandlar jobbe mot dette målet. Det er også avgjerande at det ligg til rette for behandlinga i kvardagen til pasienten, slik at ein følgjer opp heimeoppgåver ein saman med behandlarar blir samde om. Det er vanleg å vere ambivalent og grue seg i forkant av behandlinga og dette blir teke opp under pre-screening og utgreiinga.

Behandlinga er svært effektiv og 60–70 prosent som gjennomfører ERP-behandling opplever stor betring. Behandlinga kan givast i ulike format, til dømes over 10–15 behandlingssesjonar, eller som intensivbehandling i 4-dagersformatet. Det er avgjerande for resultatet at behandlinga er skreddarsydd den enkelte pasienten.

På grunn av kort behandlingstid, høgare grad av symptombetring, mindre biverknader og lågare risiko for tilbakefall etter enda behandling, blir ERP tilrådd som førsteval, sjølv om denne behandlinga er kompetanse- og ressurskrevjande.

Store delar av behandlinga vil som regel gjennomførast stader der lidinga til dagleg går føre seg. Dette inneber at det ofte blir gjennomført trening andre stader enn på kontoret til behandlaren.

 

Kognitiv terapi og metakognitiv terapi er to andre behandlingsmetodar som også blir nytta.

 

Oppfølging

På slutten av behandlinga blir det utarbeidd ein detaljert plan for vidare trening for å sikre at endringane ein har oppnådd blir ein del av kvardagslivet. Det er avgjerande at ein er villig til å trene systematisk og nytte dei tilnærmingane ein har lært i behandling. Det er også vanleg at det blir gjennomført ein oppfølgingssamtale 3–12 månader etter enda behandling.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Kontakt Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT