Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykoser hos barn, unge og voksne - mistanke om psykoseutvikling og psykoselidelser, pakkeforløp

Psykose er ein forvirringstilstand der ein kan ha vanskar med å skilje fantasi frå verkelegheit. Det finst fleire typar behandling. Mange som får behandling blir betre, og nokon blir heilt friske.

Psykose er en forvirringstilstand der man kan ha vansker med å skille fantasi fra virkelighet. Det finnes flere typer behandling. Mange som får behandling blir bedre, og noen blir helt friske.

Les meir på helsenorge.no

Kor kan du få hjelp?

Ta kontakt med fastlegen eller helsesjukepleiar på skolen

Er du bekymra for deg sjølv eller for nokon du kjenner, bør du kontakte fastlegen. Fastlegen kan hjelpe deg å vurdere om du treng hjelp. Fastlegen kan også tilvise til vidare utgreiing og behandling ved behov.

Barn og unge og deira pårørande kan også kontakte helsesjukepleiar på skolen eller helsestasjon for ungdom. Dei kan gi råd og tilvise vidare til for eksempel barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).

Ring lokal legevakt

Dersom det hastar å få hjelp utanfor opningstida til fastlegen, kan du ringe legevakta på 116 117.

Akutteam og ambulante team

Det finst eigne akutteam ved fleire distriktspsykiatriske senter (DPS). Dei tilbyr rask vurdering og kortvarig oppfølging ved akutte psykiske kriser. Dei tilviser også vidare til andre behandlingstilbod når det er nødvendig. Ein del akutteam er ambulante, som vil seie at dei kan komme heim til deg.

Du treng vanlegvis tilvising frå fastlege eller legevakt for å få hjelp av eit akutteam.

Lågterskeltilbod for raskare hjelp

Det går ofte betre når ein kjem tidleg til behandling. Derfor finst det mange stader eigne team som skal sikre tidleg oppdaging og oppstart av behandling ved psykose. Nokre av desse teama kan du ta direkte kontakt med, utan tilvising frå fastlegen. Du kan ringe på vegner av deg sjølv, som pårørande, venn eller fagperson.

Teama er stort sett knytt til eit distriktspsykiatrisk senter (DPS), og kan ha litt ulike namn. For eksempel:

  • TIPS (Tidleg intervensjon ved psykose)
  • TOPS (Tidleg oppdaging av psykose)
  • TiRe (Tidleg intervensjon og rehabilitering)

Spør fastlegen eller kontakt ditt lokale DPS om du lurer på om det finst eit slikt tilbod der du bur.

Informasjon om lokale tilbod

Meir informasjon om lokale tilbod finn du på nettsidene til kommunen eller bydelen, og det lokale helseføretaket/sjukehuset ditt.

Tilvising og vurdering

Kartlegging i samband med tilvising (hdir.no)

Teikn og symptom på psykose

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss