Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Psykomotorisk fysioterapi

Psykomotorisk fysioterapi (PMF) tek utgangspunkt i samanhengen mellom muskelspenningar og kjensler. Traumatiske hendingar, sjukdom eller langvarige belastningar påverkar kroppen.

Nokre opplevingar vi har hatt gjennom livet, set sine spor i kroppen. Traumatiske hendingar, sjukdom eller langvarige belastningar påverkar kroppen. Dette kan gi utslag i auka anspentheit og over tid kunne gi symptom som hovudverk, svimmelheit, smerter i muskulatur og kjensla av trettheit. Også plager i det autonome nervesystemet, til dømes mage/tarmproblem, kan bli påverka av auka spenningstilstand i kroppen.


Før

Det kan vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker og mål behandlinga.






Under

Du og fysioterapeuten prøver å finne ein felles målsetjing for behandlinga.

Metoden er ein "hjelp til sjølvhjelp" der det blir stilt krav til pasienten om å arbeide med seg sjølv. Dette krev tid, tolmod og at forholda ligg til rette, slik at det er mogleg å gjere nødvendige endringar.

Fysioterapeuten oppsummerer ein undersøking ut frå:

  • Sjukdomshistorie
  • Kroppshaldning, med fokus på bevegelighet og balanse
  • Pusting
  • Forskjellige funksjonsundersøkingar / bevegelsar
  • Kroppsmedvit og kroppskontakt
Etter undersøkinga må fysioterapeuten vurdere om pasienten kan ha nytte av PMF, og er motivert for ein slik behandling.

Terapeutiske verkemiddel:

  • Medvitgjering om kroppslige og følelsesmessige samanhengar
  • Bevegelsar / øvingar tilpassa pasienten
  • Massasje
  • Samtale
  • Bevegelsar i gruppe med vekt på ledigheit og frie bevegelsar




 





Etter

Når du avsluttar PMF-behandlinga, blir det tilrådd at du nyttar deg av dei verktøya og teknikkane du har lært for å handtere kroppslige plager betre i kvardagen, samtidig som du førebyggjer nye spenningar.