Psykoedukasjon
Psykoedukasjon er ein behandlingsform der pasientar og deira pårørande får kunnskap og informasjon omkring ein spesifikk diagnose. Behandlinga skal gi realistiske forventningar til betring og prognose, informasjon og ein slags undervising i den akuelle lidinga.
Mål
Hensikta er at pasientar og deira pårørande skal få kunnskap om korleis dei kan meistre sjukdommen på best mogleg måte i kvardagen. Du lærer mellom anna korleis du kan gjenkjenne symptom på lidinga, slik at ein kan førebygge eventuelt tilbakefall.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men det finst også anna helsepersonell som kan tilvise.
Når vi får ei tilvising vil vi på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren til Helsedirektoratet "Psykisk helsevern for voksne" vurdere om du har krav på behandling hos oss.
Før
Behandlinga krev inga førebuing.
Under
Det er viktig at du og behandlar blir einige om måla for behandlinga. Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få god hjelp. Behandlinga er ein del av eit behandlingsforløp.
Etter
Bruk det du har lært i behandlinga. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av behandlinga.
Kontakt
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Oppmøtestad
Resepsjon, bygg 3Besøkstider
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Åpningstider
- I dag STENGT