Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Posttraumatisk stresslidelse

Posttraumatisk stressliding kan oppstå etter ekstremt skremmande hendingar, som katastrofar, alvorlege ulykker, mishandling og valdtekt. Hendinga blir gjenopplevd som påtrengande og ubehagelege minne, angst og sterk kroppsleg aktivering. Tilstanden kan vere langvarig. Det finst fleire gode behandlingstilbod.

PTSD er en tilstand som kan oppstå i etterkant av å ha vært utsatt for eller vært vitne til en eller flere hendelser som oppleves som ekstremt truende eller skremmende. Det finnes god behandling for PTSD .

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Posttraumatisk stressliding blir også kalla traumelidingar og PTSD (av engelsk «Posttraumatic Stress Disorder»). Lidinga blir utløyst av ei traumatisk hending du enten har opplevd sjølv eller har vore vitne til. Mange knyter posttraumatisk stressliding til valdtekt eller krig, men andre utløysande årsaker kan for eksempel vere ei dramatisk trafikkulykke eller ein traumatisk fødsel.

Lidinga blir kjenneteikna av gjentatte plagsame minne, tankar eller sanseinntrykk knytte til traumehendinga, i vaken tilstand eller i form av mareritt. Gjenopplevinga kan pregast av sterke kjensler og kroppslege reaksjonar, som om hendinga hender i nåtid.

Personen kan prøve å undertrykke tankar og minner om hendinga, og unngå menneske eller stader som minner om den. Andre symptom kan vere nervøsitet, irritabilitet, anspenthet og konsentrasjonsproblem. Ein kan ha ei vedvarande oppleving av trussel, vere overdrive på vakt og skvetten for uventa lydar og brå rørsler. Ein kan oppleve ei form for nomen heit, der det er vanskeleg å kjenne positive kjensler.

Det er naturleg å kjenne seg engsteleg og oppskaka etter ei traumatisk hending, og dei fleste blir betre etter ei tid, ofte med støtte frå venner og familie. Opplever du at symptoma blir forverra, at dei held fram og hemmar deg, kan du ha posttraumatisk stressliding. Plagene kan få store negative følger for funksjon både privat og i utdanning og arbeid.

Vanlege symptom er

  • påtrengande minne («flashbacks») der du gjennomlever hendinga på nytt
  • søvnproblem og gjentakande mareritt
  • stadig alarmberedskap, anspenthet og uro
  • irritabilitet og sinne
  • konsentrasjonsproblem

Nokon kan få problem med låg sjølvkjensle, og ha kjensler av skuld og skam. Smerter og andre kroppslege plager er også vanleg.

Det er vanleg å utvikle andre psykiske plager i tillegg, spesielt depressive symptom og angstsymptom, i form av bekymringsangst, panikkangst eller sosial angst. posttraumatisk stressliding kan i tillegg føre til problem med rusmiddel.

Diagnosen kompleks posttraumatisk stressliding beskriv reaksjonar på gjentatte eller vedvarande traumehendingar, der flukt var vanskeleg eller umogleg. Eksempel er tortur, langvarig vald i nære relasjonar og gjentatt seksuell eller fysisk mishandling i oppveksten.

I tillegg til symptom for posttraumatisk stressliding beskrive over, blir kompleks kjenneteikna PTSD av problem med å kjenne igjen og regulere kjensler, tankar om seg sjølve som mindreverdig eller verdilaus, og vanskar med å halde oppe nære relasjonar til andre.

Les meir om posttraumatisk stressliding på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men anna helsepersonell kan også tilvise. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for voksne», vil vi vurdere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Utredning

For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema og plager du søker hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor.

Utgreiinga består av samtale med behandlar der følgande punkt er sentrale

  • varigheita, styrken og omfanget av plagene, og i kva situasjonar dei oppstår

  • moglege samanhengar mellom plagene, traumatiske hendingar og nåverande livssituasjon

  • symptom på anna psykisk liding, for eksempel depresjon

  • tidlegare psykiske lidingar og behandling

  • bruk av medikament

  • bruk av rusmiddel

  • grad av fysisk aktivitet

  • problem i privatliv, studiar eller arbeid

  • personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre

  • om du har barn og om dei har spesielle behov nå som bør varetakast

På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Ut frå kva plager du har og omfanga deira, utløysande årsaker og forhold som held problema ved like, blir de i fellesskap einige om ein behandlingsplan.

Behandling

Ein god relasjon til behandlar er viktig for å få eit best mogleg utbytte. Saman blir de einige om mål for behandlinga. Du skal få informasjon om kva posttraumatisk stressliding er og korleis behandlinga er tenkt å hjelpe. Du skal kjenne deg godt informert og involvert i heile behandlingsforløpet. Pårørande dine kan gjerne involverast, for å få informasjon og for å vere ein ressurs i behandlinga.

For deg som har posttraumatisk stressliding finst det fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Samtaleterapi

Du kan behandle dei traumatiske minna ved å snakke om dei i terapi. Det inneber å gå konkret inn på kva som skjedde før, under og etter traumet. Saman med behandlaren din finn de ein trygg måte å snakke om det på. Gjennom samtalane får du organisert minne, klargjort tankar og sett ord på kjensler. Du kan lære å handtere dei traumatiske minna på ein for deg formålstenleg måte. Du skal få auka forståing for samanhengen mellom kva du har opplevd og reaksjonane dine etterpå.

Det kan vere til hjelp å gå gjennom hendinga eller hendingane i meir detalj for å rydde og sortere i traumeminna. Det kan vekke ubehagelege kjensler, men framgangsmåten er ein ansvarleg og naturleg prosess og er ikkje farleg. Dei vonde kjenslene kjem etter kvart meir på avstand.

Det er også nyttig å sjå på korleis du handterer eigne tankar, kjensler og reaksjonar etter hendinga. Du får forslag til ulike meistringsstrategiar som kan vere til hjelp for deg.

Ei anna oppgåve i psykoterapi er å utforske kva meining du har tillagt det som skjedde. Kanskje du tenker annleis om deg sjølv på grunn av hendingane og på grunn av reaksjonane du har hatt i ettertid. Som nemnt kan traume gi opphav til sterke kjensler av skuld, skam, sinne eller tungsinn.

Mange som har opplevd traumatiske hendingar sluttar med tidlegare verdsette gjeremål som minner dei om traumet. Eit viktig tema i behandlinga er korleis du kan komme tilbake til det livet og dei aktivitetane som du tidlegare sette pris på.

Dersom du er sjukmeld, er det viktig å kombinere behandlinga med tiltak for tilbakevending til utdanning eller jobb.

Medikamentell behandling

Behandling med medikament (antidepressiv) kan dempe angst og motverke depressive plager knytte til posttraumatisk stressliding. Dosering blir gjord i samarbeid med behandlande lege. Vanlegvis anbefaler legane behandling over lengre tid, for eksempel eitt år, for å stabilisere effekten og hindre tilbakefall.

Antidepressiv kan gi biverknader som munntørrheit, svimmelheit, søvnproblem eller uroleg mage. Nokon må prøve ut fleire typar antidepressiv før dei finn den beste behandlinga. Avslutning bør skje i samarbeid med behandlande lege. Det er vanleg å trappe ned dosen gradvis for å unngå ubehag som kan oppstå ved brå avslutning.

Oppfølging

Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete ting du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper.

Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søke faglege råd hos oss. De kan også drøfte moglegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.

Sist faglig oppdatert 19.04.2023