Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pegasus - gruppebehandling

Gruppebehandling har dokumentert god effekt på ei rekkje psykiske lidingar. Under leiing av éin eller fleire gruppeterapeutar møtest deltakarane jamleg for å jobbe mot mål som er viktige for dei.

Det finst både langtids- og korttidsgrupper med ulike metodar for tilnærmingar til behandlinga. Gruppeterapi kan vere den sentrale behandlingsforma, som ved behov kan kombinerast med andre former for behandling.

Nokre grupper er retta mot å gi kunnskap om meistring av ulike former for psykiske lidingar, til dømes depresjon, ulike angstlidingar og bipolar liding (meistringsgrupper). Andre grupper legg meir vekt på samspelet mellom gruppedeltakarane og prosessen som skjer i gruppa over tid (psykoterapeutiske grupper).

Gjennom oppveksten dannar vi mønster for korleis vi opplever oss sjølve og andre. Av og til kan desse mønstera vere lite formålstenlege og gi oss vanskar i forholda våre til andre. Gjennom gruppeterapi blir du kjend med mønstera dine og får høve til å jobbe med å endre dei. Du får også høve til å møte andre som har tilsvarande problem og lære av erfaringane deira.

Dei fleste som deltek i gruppeterapi opplever at det dei sjølv strevar med, strevar også andre med. Dei kjenner også at det er godt å uttrykkje vanskelege tankar og kjensler i ei trygg ramme.

Samtaletema i gruppa er gjerne problem knytte til:

  • forhold til andre menneske
  • intimitet og nærleik, og å dele med andre
  • sjølvkjensle og nedsett stemningsleie
  • kommunikasjon, og å få og akseptere kritikk eller ros

Andre tema er sosial tilbaketrekking og isolasjon, frykt for sjølvhevding eller overdriven sjølvhevding.

I gruppa kan du kjenne tilhøyrsel, få støtte, aksept og forståing. Du trener på å tore å seie ting til andre samtidig som du blir betre kjend med deg sjølv. I møte med andre kan du få håp og inspirasjon.

Kvar enkelt gruppe har eller lagar seg eit sett med gruppereglar. Her blir det mellom anna lagt vekt på kva som skal til for at gruppa skal vere ein trygg stad for å utforske seg sjølv og kvarandre.

Nokre grupper blir arrangerte som kurs, med formidling av kunnskap om meistring av ulike psykiske lidingar. Døme er meistringskurs for depresjon, angstlidingar, søvnproblem eller bipolar liding. Andre døme er gruppebasert opplæring for personar med ADHD og deira pårørande, eller stabiliseringsgruppe ved posttraumatisk stressliding.

Slike gruppebaserte tilbod skil seg frå psykoterapeutiske grupper ved å ha ei pedagogisk tilnærming og i mindre grad leggje vekt på gruppeterapeutiske prosessar. Dei har likevel til felles at deling av erfaringar mellom gruppedeltakarane står sentralt.

I meistringsgrupper får du god og oppdatert informasjon om den aktuelle lidinga, til dømes depresjon eller bipolar liding. Deltakarane får høve til å drøfte eigne erfaringar og samanlikne seg med kvarandre. God informasjon gir eit grunnlag for sjølvhjelp, fordi det styrkjer opplevinga av å meistre. Nokre meistringsgrupper inneheld også øvingar i metodar som kan vere til hjelp, til dømes trening i å handtere angst eller teknikkar for å redusere stressbelastningar.

 

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising frå fastlege eller anna helsepersonell. Spesialisthelsetenesta vil då på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren Psykisk helsevern for vaksne avgjere om du har krav på behandling.

Før du eventuelt startar i gruppebehandling er det vanleg å komme til samtale med gruppeleiaren i forkant. Her får du vite meir om gruppa du er søkt inn til, og behandlaren får vite meir om deg og behova dine. Saman finn de ut om denne gruppebehandlinga er eigna for deg i din situasjon no.

Om Pegasus gruppebehandling

Pegasus er eit psykoedukativt gruppebasert program for vaksne med ADHD og deira nærmaste pårørande.

Pegasus er utvikla for å møte behovet for informasjon, erfaringsutveksling og opplæring om funksjonsnedsettelsen, ADHD. 

Pegasus utgjer eit godt fyrste steg i behandling etter diagnostisering, og fylgjer nasjonal fagleg retningslinje. 

Vi tilbyr gruppebehandling med inntil 15 pasientar + pårørande, med to kurs i året.

Pegasus består av åtte forelesningar på 2,5 timar per leksjon. Programmet skal gje ei generell kunnskap om ADHD og utfordringar knytt til diagnosen, samt informasjon om tilgjengeleg behandling og ulike offentlege støtteordningar. 

Gruppeformatet gjer også moglegheit for erfaringsutbytte med andre i liknande situasjonar og tips til strategiar for betre meistring i kvardagen. 

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss