I psykoterapi er ein trygg og god allianse mellom behandlaren din og deg som pasient viktig for eit godt resultat. De bør vere samde om kva mål det blir arbeidd mot i terapien, og om kva metodar som skal nyttast av kvar av partane for å nå måla.
Erfaring og forsking har vist at psykoterapi har hjelpt mange til å handtere psykiske vanskar som angst, depresjon, rusmiddelproblem, psykoselidingar, søvnvanskar og svekt sjølvkjensle. Dei fleste av oss er vande til å gå til lege når det feilar oss noko. Der får vi kanskje føreskrive medisinar og blir bede om å ta det roleg nokre dagar. I psykoterapi er du sjølv aktiv deltakar i behandlinga av dei problema du opplever.
Psykoterapi er hjelp til sjølvhjelp
Psykoterapi er på mange måtar ei form for hjelp til sjølvhjelp, der du gjennom samarbeidet med ein profesjonell terapeut lærer å bli din eigen terapeut. Terapeuten bidreg med kunnskap om kva som har hjelpt andre med tilsvarande problem, medan du er eksperten på korleis akkurat du opplever vanskane og kva tankar du har om kva som kan hjelpe.
Derfor er det viktig at dine eigne ressursar, interesser og sterke sider kjem fram og blir brukte. Psykoterapi inneber ei moglegheit til å tenkje gjennom kven du er, korleis du har det, kva personar som betyr noko for deg og kva du ønskjer for dei og for deg sjølv.
Samarbeidet går vanlegvis føre seg i samtalar mellom deg og terapeuten din. Samtidig er støtte frå familie, venner og arbeidskollegaer ofte av stor betydning for arbeidet du gjer i terapien.
Følgjande spørsmål kan gi eit godt utgangspunkt for det som går føre seg i psykoterapi:
- Kva er det som plagar deg mest i din noverande situasjon?
- Kvifor søkjer du hjelp?
- Kva er du fornøgd med i livet ditt, og kva eigenskapar ved deg sjølv set du mest pris på?
- Korleis skulle livssituasjonen din vore for at du fekk eit betre liv, og kva ønske har du for familie og venner, arbeid og fritid?
- Korleis har du prøvd å løyse vanskane dine tidlegare ?
- Kan du tenkje deg andre måtar å løyse vanskane på, og korleis kan terapeuten hjelpe deg?
Allianse og tryggleik er viktig for eit godt resultat
Resultata i psykoterapi er avhengige av at samarbeidet blir prega av interesse, respekt og varetaking, og går føre seg i ein atmosfære av forståing, håp og realistisk optimisme. Behandlingsresultatet blir best når erfaringane og ønska dine står sentralt, og når du sjølv medverkar aktivt i di eiga behandling.
Viktig å ha tru på at endring er mogleg
Menneske som søkjer psykoterapi opplever ofte «å stå med ryggen mot veggen», det vil seie utan å oppleve at dei har gode måtar å komme vidare på. Ei kjensle av hjelpeløyse og rådløyse er vanleg, og ikkje sjeldan blir dette opplevd som skremmande. Det kan vere både fordelar og ulemper knytte til endring, og det er naturleg at ein er usikker. Utforsking av kva som er motivasjonen din, er noko som ofte inngår i psykoterapi.
Ved å leggje merke til kva du tenkjer, kjenner og gjer i situasjonar du opplever som vanskelege, kan du forstå meir av kva som skjer, og kanskje også sjå moglegheiter for positive endringar. Det kan vere situasjonar prega av depresjon og angst, konfliktar i forholdet til andre eller av at sterke kjensler står i motsetning til kvarandre.
Gode mål i psykoterapi
Mål i psykoterapi kan vere langsiktige. Mykje av det ein arbeider med i psykoterapi rører ved sjølvkjensle, sjølvtillit, måtar vi ser på verda og oss sjølve på og andre sentrale spørsmål. Minst like viktige er kortsiktige mål, som å gjennomføre bestemde aktivitetar, ofte noko ein har kvidd seg for. Arbeid med kortsiktige og konkrete mål har vist seg å vere gunstig, også for dei meir langsiktige måla.
Av og til kan du saman med terapeuten din finne fram til måtar å praktisere ny kunnskap på mellom timane. Med god planlegging kan du tore å eksperimentere med eigne handlingsmønster, slik at du kan få nye erfaringar på ein trygg måte.
Psykiske vanskar svekkjer ofte sjølvtillit og sjølvkjensle. Eit døme er ein depresjon som blir kjenneteikna av at det negative får stort spelerom. Ein legg merke til eigne feil og kva ein ikkje synest ein får til. Psykoterapi kan bidra til at du i større grad lærer å setje pris på deg sjølv. Då blir det lettare å følgje opp eigne interesser og å finne fram til og vere saman med menneske du trivst med og kan stole på.