Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Individuell jobbstøtte (IPS)

IPS (Individual Placement and Support), eller individuell jobbstøtte på norsk, er ei kunnskapsbasert tilnærming til arbeidsrehabilitering for menneske med alvorlege psykiske lidingar. Tilnærminga er systematisk og integrert med behandlingstilbodet som blir gitt frå helsetenesta. Målsetninga er å finne vanleg lønna arbeid. Dei som mottar IPS, blir vidare i teksten omtala som jobbsøkar.

IPS bygger på åtte grunnleggande prinsipp:

  • Målet er ordinært, lønna arbeid.
  • Deltaking på bakgrunn av ønsket til jobbsøkar.
  • Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga.
  • Jobbsøk skjer ut frå interesser og ferdigheiter.
  • Individuelt tilpassa rådgiving om økonomiske ytingar.
  • Aktivt jobbsøk startar med ein gong og seinast etter ein månad.
  • Systematisk jobbutvikling.
  • Oppfølging er uavgrensa i tid og individuelt tilpassa jobbsøkar.


Før

For å få tilbod om IPS må du ha eit ønske om å komme i lønna arbeid, og du må vere i behandling for ei psykisk liding eller rus-/og avhengnadsproblematikk ved sjukehuset.


Under

Ved oppstart av behandling blir alle pasientar spurt om nåverande status for jobb eller utdanning, og om eventuelle ønske om bistand til det. Dersom individuell jobbstøtte er ein del av den behandlinga du ønsker, vil du bli sett i kontakt med ein jobbspesialist. Saman jobbar de med eksempelvis:

  • Ein-til-ein kontakt for å tilpasse til behovet ditt
  • Vektlegging av ønska dine når det gjeld arbeid
  • Bistand til å utforme CV, søknadsbrev, trene på intervjusituasjonar og så vidare
  • Bistand til å finne eigna jobbar og oppsøke arbeidsgivarar, om dette er ønskeleg
  • Skape godt samarbeid med NAV
  • Jobbe med ein handlingsplan for å finne jobb
  • Openheit og ærlegdom når vi jobbar med tema knytt til jobb

Varigheit av behandling

I denne behandlinga blir det jobba direkte ut mot ordinært arbeid, så snart dette er ønskeleg. Samarbeidet med ein jobbspesialist kan vare like lenge som du har oppfølging frå behandlaren din.



g_e7f1841b_88a5_4b91_91bf_70632b1b58c8


Etter

Oppfølging frå jobbspesialist skal bli tilpassa behovet ditt og vere integrert i behandlingsplan. Oppfølginga etter utskriving blir avtala mellom deg og jobbspesialist, behandlar, arbeidsgivar og NAV.

Dersom dette høyrest interessant ut for deg, ta kontakt med behandlaren din for meir informasjon. Du kan også sjå nettsidene til NAPHA for meir informasjon.


Metoderettleiar/jobbspesialist: Maritza Senneseth

Jobbspesialist, ung: Elisabeth Kløve

Jobbspesialist: Runa Tveitarås Gjeraldstveit

Jobbspesialist: Anna Skjerve Bruvik

 

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad



Besøkstider

Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT