ECT blir utført i narkose. Før behandlinga må du derfor gjennom ei generell medisinsk undersøking. Har du andre sjukdommar som hjerte-/lungesjukdom, kan det vere aktuelt å ta ekstra prøvar og røntgenundersøkingar. Undersøkingane kan gjerast poliklinisk eller mens du er innlagt på sjukehus.
Faste
Før ECT må du faste. Det inneber at du ikkje skal ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før behandlinga. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før behandlinga. Inntil 1 time før ECT kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).