Dei fleste ønsker å sove eit par timar etter at dei har fått ECT-behandling.
Etter endt behandling, som ofte består av i alt 9 - 12 behandlingar, planlegg vi ein vedlikehaldsbehandling og førebyggande tiltak for å hindre at du får tilbakefall av symptom. Vedlikehaldsbehandlinga kan bestå av samtaleterapi, medikamentell behandling, og/eller vedlikehaldsbehandling med ECT.
ECT kan gi vanskar med minnet i tida under og etter behandlinga. Det er individuelle forskjellar i grada av biverknadar av ECT. På gruppenivå veg positive følgjer (at ein blir kvitt depressive symptom) opp for eventuelle kognitive biverknadar. I nokre tilfelle kan ein få meir langvarige problem med minnet. Det kan vere at ein gløymer enkelte personlege minne. Dette gjeld særleg minne frå vekene og månadane før og under ECT-behandlinga.