Depresjon verkar på ulikt vis frå person til person, og kan ha mange ulike årsaker. Derfor må behandlinga tilpassast den enkelte. Nokon vil ha enkelte klart og avgrensa problem, medan andre kan ha mange ulike vanskar. For å kunna gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjera ei utgreiing av dei problema du søkjer hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggast stor vekt. Behandlaren din skal lytta til det du har å seia, og dine oppfatningar skal bli teke på alvor.
Dette er viktig i utgreiinga:
- Tidlegare og noverande psykiske lidingar og somatiske sjukdommar
- Selvmordsfare
- Bruk av rusmiddel
- Barndoms- og oppvekstforhold
- Psykiske lidingar i familien
- Negative hendingar før og no
- Problemer i privatliv og arbeid
- Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast
Det er viktig å avklara når depresjonen starta, og kva du meiner kan ha bidrege til å utløysa problema. Det er også viktig å finna ut av om du har opplevd episodar med depresjon tidlegare. Erfaringar frå desse, eksempelvis kva som hjelpte den gong, kan vera nyttige i arbeidet med dine aktuelle problem. Ettersom depresjon kan vera ein del av bipolar liding, bør dette også bli vurdert.
Det blir tilrådd at behandlaren nyttar seg av spørjeskjema som eit hjelpemiddel for å vurdera alvorsgrada av depresjonen, og for å følga opp behandlinga. Som pasient kan du ha nytte av at behandlaren din gir deg tilbakemelding frå spørjeskjemaa, blant anna for å følga med på om behandlinga verkar.
På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunna stilla ein diagnose, ut frå talet på depressive plagar, der sterke dei er og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungera i kvardagen. Deretter set du og behandlaren i fellesskap opp ein plan, der du får god informasjon om ulike former for behandlingstiltak. Dersom du ønskjer det, har du krav på ein individuell plan for å samordna tenester som blir sette i verk.
Se eigen informasjon om individuell plan (helsenorge.no)