Grundig utgreiing er ein føresetnad for god behandling som er tilpassa dine behov. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg i situasjonen du er i, skal tilleggjast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor. Ved behov vert det også gjennomført felles samtale med familie og eventuelt andre pårørande.
Følgande punkt er sentrale under ei utgreiing:
- Problem med søvn og døgnrytme, og grad av fysisk aktivitet
- Tidligare og noværande somatiske sjukdommar og psykiske lidingar
- Psykiske lidingar i familien
- Bruk av rusmiddel
- Forhold i barndommen og oppveksttida
- Negative hendingar før og no
- Problem i privatliv og arbeid
- Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har born og om dei har spesielle behov no som ein bør ta vare på
Du får også spørsmål om eventuelle tidlegare episodar med depresjon, mani eller hypomani. Dine erfaringar frå slike opplevingar er nyttig i behandlinga, mellom anna for å kartleggje kva som utløyste problema og kva som hjalp deg den gong då. Det vert lagt vekt på korleis du sjølv opplever lidinga, og det er ønskeleg med informasjon frå nokon som står der nær.
Bipolar liding gjer auka risiko for sjølvmord. Behandlaren din vil difor spørje deg om du har tankar eller planar om å gjere sjølvmord no, og om du har prøvd å ta ditt eige liv tidlegare.
Ut frå kva plagar du har i dag og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungere i kvardagen, skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Deretter sett de i fellesskap opp ein plan for behandling, der du får god informasjon om ulike formar for behandlingstiltak.
Om du ønskjer det, har du også krav på ein individuell plan for å samordne tenester som vert iverksett. Du finn meir informasjon om dette på helsenorge.no:
g_d5420953_c106_4532_8ad9_4e868757f58e