Individuell oppfylging
Me kan tilby samtalar, medikamentell oppfylging, psykoterapi, fysioterapi, kartlegging og avklaring av hjelpebehov. Me tilbyr også hjelp til å søkja tenester, samt etablering av samarbeidsgrupper og individuell plan.
Gruppebehandling
Me tilbyr ulike former for gruppebehandling. Ein tek då sikte på å fremja utvikling og endring gjennom deltaking i eit gruppefellesskap. Verkemiddel i gruppene kan vera undervisning, samtale, utveksling av erfaringar, kreative arbeidsformer, fysisk aktivitet og praktisk samhandling.
Samarbeid med pårørande
Pårørande er ein viktig ressurs for å yta god behandling. Me legg vekt på eit godt samarbeid med pårørande i dei tilfeller der partane ynskjer dette.
Nettverksarbeid
Rehabiliteringspoliklinikken samarbeider med andre som har med pasienten å gjera. I samråd med pasienten utveksler me informasjon og samordnar tenester innan Voss DPS, med kommunen og med andre instansar. På den måten kan me bidra til at hjelpeapparatet fungerer best mogleg.
Rehabiliteringspoliklinikken er eit ambulant team
Me legg vekt på å tilby hjelp der pasienten er. Dersom det er mest teneleg kan behandlinga og kontakten skje i heimen, i nærmiljøet eller på annan høveleg stad.
Korleis koma i kontakt med rehabiliteringspoliklinikken?
Kontakt med rehabiliteringspoliklinikken skjer gjennom tilvising frå fastlege.
Allmennpsykiatriske tilbod omfattar:
Vurderingar, individuelle psykoterapeutiske samtalar, par- og familiesamtalar, medikamentell behandling.
Rehabiliteringspoliklinikken har som målgruppe pasientar med psykiske lidingar med alvorleg funksjonssvikt.