Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Resepsjon bygg 3

Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Voss DPS NKS Bjørkeli har to poliklinikkar: allmennpsykiatrisk poliklinikk med gruppeteam og rehabiliteringspoliklinikk. Gruppeteamet tilbyr også dagbehandling. Poliklinikkane består av overlege, LIS-lege, psykologspesialist, psykolog, klinisk sosionom og merkantilt personell.

Her kan du lese meir om våre polikliniske tilbod

Funksjonar i senteret

Psykiatriske plagar kan vera samansette og nokre gonger omfattande og langvarige. Dette gjer det naudsynt med individuelt tilpassa opplegg med ei tverrfagleg tilnærming.  

Fagteamet har psykiatar, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykolog, psykomotorisk fysioterapeut og klinisk sosionom. 

I tillegg har me og IPS-metoderettleiar og jobbspesalist. Desse vil samarbeida med og om den enkelte pasienten og med pasienten sin fastlege eller annan tilvisande instans.

Allmennpsykiatriske tilbod omfattar   

Vurderingar, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar.

Di meining er viktig for oss       

Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli allmennpsykiatrisk poliklinikk set me pris på om du som pasient og tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema etter endt behandling. Skjemaet er anonymt og kan anten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen. Du kan også delta ved å bruke lenka under eller skanne QR-koden.

FOR PASIENTAR VED ALLMENNPSYKIATRISK POLIKLINIKK

​Skjema for digital utfylling av evalueringsskjema for pasientar ved allmennpsykiatrisk poliklinikk

Eller du kan skanne QR-koden (for pasientar ved allmennpsykiatrisk poliklinikk)

QR-kode

Gruppeteamet er ein del av allmennpsykiatrisk poliklinikk. 
      

En gruppe mennesker som sitter i stoler
Mennesker som sitter i gruppe

Gruppeteamet består av ulike faggrupper som psykiater/lege, psykolog/psykologspesialist, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, ergoterapeut, psykomotorisk fysioterapeut og klinisk sosionom. Alle med ulike videreutdanningar innan blant anna gruppeterapi, gruppeanalyse, familieterapi, mentaliseringsbasert terapi, kognitiv terapi, gestaltterapi og traumeterapi.

Gruppeteamet tilbyr ulike personlegdomsfokuserte behandlingsprogram, samt ulike psykoedukative grupper og dagbehandling. Terapiane er gruppebaserte. Forløpa har ulikt fokus og lengde. Individualterapi, utredning og samarbeid med pårørande og nettverket til den enkelte kan og vera ein del av tilbodet.

Gruppeteamet er tilslutta Nettverk for Personlighetsfokuserte behandlingsprogrammer.

Nettverk for Personlighetsforstyrrelser - Oslo universitetssykehus (oslo-universitetssykehus.no)

Informasjon om MBT behandling ift. samarbeidspartnarar, t.d fastlegar og private psykologar kan du sjå her 

 

Di meining er viktig for oss   

Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli gruppepoliklinikken set me pris på om du som pasient og tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema etter endt behandling. Skjemaet er anonymt og kan anten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen. ​Du kan også delta ved å bruke lenka under eller skanne QR-koden.​

Eller du kan skanne QR-koden (for pasientar ved gruppeteam)
 
QR-kode





Rehabiliteringspoliklinikken tilbyr eit tverrfagleg behandlingtilbod til personar over 18 år med psykiske lidingar som medfører alvorleg funksjonssvikt og/eller samansette behov.  

Individuell oppfylging

Me kan tilby samtalar, medikamentell oppfylging, psykoterapi, fysioterapi, kartlegging og avklaring av hjelpebehov. Me tilbyr også hjelp til å søkja tenester, samt etablering av samarbeidsgrupper og individuell plan. 

Gruppebehandling             

Me tilbyr ulike former for gruppebehandling. Ein tek då sikte på å fremja utvikling og endring gjennom deltaking i eit gruppefellesskap. Verkemiddel i gruppene kan vera undervisning, samtale, utveksling av erfaringar, kreative arbeidsformer, fysisk aktivitet og praktisk samhandling. 

Samarbeid med pårørande   

Pårørande er ein viktig ressurs for å yta god behandling. Me legg vekt på eit godt samarbeid med pårørande i dei tilfeller der partane ynskjer dette. 

Nettverksarbeid

Rehabiliteringspoliklinikken samarbeider med andre som har med pasienten å gjera. I samråd med pasienten utveksler me informasjon og samordnar tenester innan Voss DPS, med kommunen og med andre instansar. På den måten kan me bidra til at hjelpeapparatet fungerer best mogleg. 

Rehabiliteringspoliklinikken er eit ambulant team

Me legg vekt på å tilby hjelp der pasienten er. Dersom det er mest teneleg kan behandlinga og kontakten skje i heimen, i nærmiljøet eller på annan høveleg stad. 

Korleis koma i kontakt med rehabiliteringspoliklinikken?

Kontakt med rehabiliteringspoliklinikken skjer gjennom tilvising frå fastlege.

Allmennpsykiatriske tilbod omfattar: 

Vurderingar, individuelle psykoterapeutiske samtalar, par- og familiesamtalar, medikamentell behandling.   

Rehabiliteringspoliklinikken har som målgruppe pasieater med psykiske lidingar med alvorleg funksjonssvikt.

 

Di meining er viktig for oss              

Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli, rehabiliteringspoliklinikken set me pris på om du som pasient og tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema etter endt behandling. Skjemaet er anonymt og kan anten sendast til oss per post eller legg det i postkasse merka med evalueringsskjema på avdelingen. Du kan også delta ved å bruke lenka under eller skanne QR-koden.


Skjema for digital utfylling av evalueringsskjema for pasientar ved rehabiliteringspoliklinikkane

Eller du kan skanne QR-koden (for pasientar ved rehabiliteringspoliklinikken)

QR-kode

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Bjørkelivegen 27, 5705 Voss

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Resepsjon, bygg 3

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT