Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit allmennpsykiatrisk behandlingstilbod til vaksne med psykiske lidingar i Voss sjukehusområde som består av kommunane Voss, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik.
Døgnavdelinga ligg i 3 høgd i bygg 1, Bjørkelivegen 27 og har plass til 12 pasientar. Ein av desse plassane er reservert brukarstyrt plass. Behandlarteamet på Døgn består av overlege/psykiater, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykolog og sosionom. Miljøpersonalet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og aktivitetsleiar. Dei fleste har vidareutdanning innanfor psykisk helse. I tillegg har fleire vidareutdanning i kognitiv terapi.
Fyrste helga etter innkomst frårår me permisjon. Vidare skal permisjonar avklarast med avdelingsleiar. Permisjonar skal ha eit klart formål. Helgepermisjonar skal avtalast før kl. 13.00 torsdagar.
Fyrste helga etter innkomst frårår me permisjon. Vidare skal permisjonar verta avklart med hovudbehandlar. Permisjonar skal ha eit klart førmåle. Helgepermisjonar bør verta avtalt i god tid før helg.
Kvar morgon kl 09:15 - 09:30 i daglegstova, musikkterapeut deltek med song kvar måndag, onsdag og fredag.
Me har undervisning for pasientar og pårørande, sjå eiga liste i avdelinga.
Det er ikkje tillate å bruke alkohol eller andre rusmidlar under opphaldet.
Rusmiddeltesting:
Ved rusproblematikk tek me regelmessig urinprøve. Konsekvensar og behandlinga vidare vert individuelt for den enkelte.
Bil og parkering
Ein har dessverre noko dårleg parkeringsmoglegheiter ved DPS'et. Me oppmodar om at ein ikkje tek med eigen bil. Kjem du med eigen bil ber me deg ta kontakt med avdelinga for å få tilvist plass.
Buss
Det går buss forbi Bjørkelivegen fleire gonger for dagen.
Besøk skyss sin reiseplanleggar for fullstendig oversikt over avgangarTog
Nærmaste togstasjon er Voss togstasjon. Det er ca 15-20 min gåavstand frå togstasjonen til Bjørkelivegen 27.
For oversikt overt togtider, sjå VY sin nettstadTaxi/drosje
Voss Taxi held til i Uttrågata 19, tlf 56511340
Les meir om Voss Taxi herLeige av sykkel
Hjå VossaBike kan du låna elektrisk sykkel. Desse står på faste stader rundtom på Vangen.
På Voss DPS NKS Bjørkeli er det godt tilrettelagt for sykkelparkering.
Ein legg til rette for besøk i avdelinga. Ein har ikkje besøkstider, men ynskjer fortrinnsvis at besøk vert lagt til ettermiddag, kveld og helg slik at dette ikkje går ut over avtalar/behandlinga.
Pårørande og barn er velkomen på besøk og avdelinga disponerar eit eige barnerom.
Døgnavdelinga har vaskemaskin slik at du har anledning til å vaska kleda dine sjølv. Vaskemaskina deler du med dei andre pasientane i avdelinga.
Ein rådar alle til å ta med innesko til bruk i avdelinga. Ein ynskjer ellers fokusera på fysisk aktivitet og ber difor kvar enkelt ha med seg gode sko til bruk ved trim og tur.
Kvar enkelt held rommet sitt i orden så langt det let seg gjera. Måndag, onsdag og fredag formiddag blir bad og golv på romma vaska av reinhaldspersonale. Alle ryddar av bordet etter måltida.
Det er obligatorisk brannøving for pasientane.
Det skal vera ro i avdelinga etter kl 23:00 (helg kl 24:00). TV vert slått av 23/24.
Me fråråd bruk av mobiltelefon i fellesrom.
Det er trådlaust nettverk ved DPS'et.
Det er to tv-stover i avdelinga.
Etter opphald på Voss DPS NKS Bjørkeli døgnavdeling set me pris på om du som pasient og/eller pårørande tek deg tid til å fylle ut evalueringsskjema for opphaldet ditt. Skjemaet er anonymt og kan enten sendast til oss per post eller legg det i postkassa merka "Evalueringsskjema" på avdelingen.
Evalueringsskjema for pasientar ved døgnavdelinga, kan du laste ned her
Evalueringsskjema for pårørande ved døgnavdelinga kan du laste ned her
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.