Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Voss DPS NKS Bjørkeli er sertifisert som Miljøfyrtårn

Gjennom ei miljøsertifisering har Voss DPS fått konkrete verktøy for å gjennomføra effektive og lønsame miljøforbetringar innan viktige område som arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport, der aktuelle tema som matsvinn og plast er inkludert.

Viser fire tilsette ved Voss DPS NKS Bjørkeli

​​Ei miljøtårn-sertifisering gjer oss gode forutsetningar for å bidra til fleire av FN sine bærekraftsmål. Les meir om bærekraftsmåla til FN via deira nettstad​

Miljøfyrtårngruppa vil fortsette å jobbe med miljøtiltak med målsetting om å bevare sertifisering. Les gjerne meir på Miljøfyrtårn sine eigne sider

Dersom du har forslag til miljøtiltak og gjerne idear til nye miljøaspekt som ikkje er dekka av Miljøfyrtårn, ta kontakt med oss på epost: post@bjorkeli.no 

Voss DPS har levert den årlege Miljøfyrtårnrapporten, som viser at klimagassutsleppa våre har auka med 6% frå 2021 til 2022.  Ein del av forklaringa er:

  • Auka forbruk av straum
  • Meir nøyaktig rapportering på data i 2022 enn for året før.

Vi hadde færre flyreiser i 2022 enn i 2021, men litt fleire tenestereiser med privat bil. Kulden kan forklare auke i straumforbruk.

Tre problemstillingar vi jobber med for tida:

  • Kjeldesortering i alle bygg
  • Bilbruk/parkering (tilsette og pasientar)
  • Auka sykkelbruk (ser på parkeringsløysingar)

Du kan sjå Voss DPS sitt klimaavtrykk her via Miljøfyrtårn sin nettstad

Kimaavtrykket til Voss DPS er 20,86 tonn CO2 for 2022


Bilete viser overrekkelse av sertifisering som miljøfyrtårn ved miljøfyrtårnansvarleg, direktør og ordførar

Foto: Geir Geitle - avisa Hordaland

Bilete frå overrekkinga av Voss DPS NKS Bjørkeli si sertifisering som Miljøfyrtårn, der ordførar Hans-Erik Ringkjøb (t.h) overrekte diplomet. Direktør Frédéric Larsen (midten) tok i mot diplomet, saman med Miljøfyrtårnansvarleg Sissel Nedkvitne (t.v).

Sist oppdatert 24.04.2023