Er du pårørande?
Pårørande er ein viktig ressurs i behandling og omsorg for sine nære. Som pårørande har ein kunnskap om den som er sjuk, og om deira livssituasjon og utfordringar. Dette perspektivet kan bidra med viktig informasjon i kartleggjing og behandling av pasienten. Samtidig er pårørande sjølv utsatt for belastning, og har eigne behov for å bli sett, få informasjon og praktisk hjelp. Ved Voss DPS NKS Bjørkeli, ser vi på det som ei viktig oppgåva å ivareta pårørande.
Å vera pårørande til ein med psykisk liding
Sjølv om vi har teieplikt om pasientane sin sjukdomstilstand og personlege forhold, har vi alltid moglegheit til å snakka med deg som pårørande og lytta til det du har å seia. Vi kan gje generell informasjon, og vi kan snakka med deg om pasientopplysningar du er kjend med frå før - i tillegg til tema som pasienten sjølv ønskjer å dela. Dette kan for eksempel bety at om du som kjenner diagnosen til din nære, så kan vi utan å bryta teieplikta snakka generelt om årsakar til tilstanden, kva som er vanlege symptom, behandling og prognose, og evenetuelle faresignal du kan sjå etter.
På døgnavdelinga vår er alle pasientane frivillig innlagt. Det er viktig for oss at du som pårørande er klar over kva dette inneber. Vi har ingen låste dører, og våre pasientar kan forlata avdelinga når dei måtte ønskje det. Innafor desse rammene ønskjer vi å gje trygg og god helsehjelp.
Nokre få av pasientane våre er i behandling under rammene av tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald.
Barn og søsken som pårørande
Når foreldre eller vaksne søsken har psykiske vanskar kan dette påverke barn på ulike måtar. Helsepersonell har plikt til å gje midreårige barn naudsynt informasjon og oppfylgjing. Alle avdelingar ved Voss DPS NKS Bjørkeli har eige personell med ansvar for å fremje og koordinera oppfylgjing av mindreårige barn av pasientane. Barn og unge er viktige pårørande å ivareta. Når foreldre eller søsken er i behandling, vil dei andre barna i familien ofte også ha behov for oppfylgjing. Ved Voss DPS NKS Bjørkeli legg vi stor vekt på å ivareta barn som pårørande gjennom eigne samtalar med barn.
Du kan lesa meir om vårt arbeid retta mot barn og sysken her
Helsenorge har også ei fin informasjonsside retta mot barn og unge med psykisk sjukdom i familien