Helsenorge

Videokonsultasjon med behandler via join.nhn.no

Det er mogleg å møte behandlararen din via video i staden for fysisk oppmøte. 



Innleiing

Vi tilrår at du ser denne korte filmen om førebuingar til videokonsultasjonar:

 


Om du treng meir informasjon finn du dette under. Informasjonen gjeld i hovudsak pasientar, men er òg relevant for andre som skal delta i møte med sjukehus og pasient.

Informasjon om korleis du koplar deg opp og startar videokonsultasjonen vert sendt i innkallingsbrevet som du vil motta anten i innboksen din på Helsenorge eller i ein digital postkasse. I nokre tilfelle kan den òg verte sendt på SMS eller e-post. For at videokonsultasjonen skal verte bra må du ta visse omsyn, så vi ber deg som pasient om å følgje instruksane du får frå sjukehuset og å lese informasjonen nedanfor nøye. 

Sikre at du har tilgang til digitale tenester på Helsenorge

Du styrer sjølv tilgangen til digitale tenester på helsenorge.no. For at du skal få varsel om at du har motteke innkalling med informasjon om oppkopling til video, må du ha samtykka til «full tilgang» i personverninnstillingane dine.
Sjekk følgjande dersom du er usikker på om du har «full tilgang»:

  1. Logg inn på helsenorge.no
  2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre slik at du får opp profilinnstillingane dine under Profil og innstillingar.
  3. Trykk på «Personverninnstillingar». Om «Vel kva for nokre tenester du vil bruke» viser «Du har samtykka til Full», er du allereie i mål. Viser denne noko anna, må du trykke «Endre samtykke», og sett den til «Full».
Med «fullt samtykke» på Helsenorge, vil du få varsel på SMS/e-post om innkallingar som du finn under «Meldingar» og brevet ligg i Innboksen din. Innkallingar vil alltid ligge i din «Pasientjournal», sjølv når du ikkje har gitt fullt samtykke.
Dersom du ikkje har tilgang til Helsenorge vil du motta påloggingsinformasjon i posten og kan delta via nett.


Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtale med behandlar.

Før videokonsultasjonen

  • Planlegg samtala i god tid slik at samtala i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrytingar eller forstyrringar. Sjekk at kamera og mikrofon verkar på eininga du skal bruke når du møter behandlar, ved å opne Testsamtale - delta.nhn.noHer kan du teste lyd og bilete, følg instruksjonane.
  • Skriv gjerne ned spørsmål og viktig informasjon på førehand, inkludert oversikt over medisinbruk.

Utstyr som du trenger

Join.nhn.no er en sikker videoløysinga og krev ikkje at du lastar ned noko i forkant av konsultasjonen. Den kan brukast via mobil, nettbrett og PC. Vi tilrår at du bruker følgjande nettlesarar, avhengig av kva for ei eining du skal bruke:
  • For IOS nettbrett/telefon (iPad/iPhone) bruk Safari
  • For Android nettbrett/telefon (Samsung mfl) eller PC, bruk Google Chrome
  • Ikkje bruk nettlesaren Internet Explorer.
  • Ved deltaking via mobil bør den vere oppdatert med siste versjon av programvare.
  • Om du bruker PC, sørg for at den er omstarta og har kamera, mikrofon og høgtalar (viss ikkje må du kople til dette i tillegg).

Når du skal møte til videokonsultasjon ved sjukehuset gjer du følgjande

  • Ta fram nettbrett, mobiltelefon eller PC, og sjå til at eininga er lada og kopla til eit trådlaust nett
  • Sørg for å vere i eit uforstyrra rom og ver førebudd med nødvendig informasjon og legitimasjon med bilete dersom du ikkje er kjent for behandlar.
  • Ha tilgang til telefon, i tilfelle behandlar treng å kontakte deg ved tekniske utfordringar.

Oppkopling til videokonsultasjon

Det finst ulike måtar å kople seg opp til videokonsultasjon. Det er viktig at du følgjer instruksane du får frå sjukehuset. Her er ei oversikt over dei ulike måtane:

  • Oppkopling via Helsenorge

- I timeavtala

- I innkallingsbrevet

  • Oppkoplingsinformasjon i brev mottatt i ein digital postkasse (eksempelvis Digipost)
  • Oppkoplingsinformasjon på SMS eller e-post
Forseinkingar kan oppstå
Hugs at behandlar kan vere forsinka, vennlegst vent på velkomstsida/venterommet. Dersom behandlar er meir enn 15 minutt forseinka, ta kontakt med avdelinga som har kalt deg inn. Du finn kontaktinformasjon i innkallingsbrevet.


Vel den måten som gjeld for deg i samsvar med instruksane frå sjukehuset:

Oppkopling via Helsenorge i timeavtala

  • Trykk på start-knappen

    Skjermbilde. Velkomstside på helsenorge.no
  • Du kjem inn på ei velkomstside og går vidare til ei side kor du får informasjon om å tillate tilgang til kamera og mikrofon. Følg instruksjonane som gis på sida.

    Skjermbilde. Tillat tilgang til kamera og mikrofon, lenke til veiledning.
  • Når du går vidare kjem du til eit venterom. Når behandlar er komen vil du automatisk gå vidare, men du kan òg gå inn i møtet ved å klikke på «Start videokonsultasjon». Då vil du straks sjå behandlar.

Sjå felles instruksjon nedanfor for korleis det fungerer inne i videorommet

Oppkopling via Helsenorge i innkallingsbrevet

Du må kople deg opp via informasjon som du finn i innkallingsbrevet. Det er viktig at du registrerer ditt fulle namn når du vert bedt om dette. Om du ikkje identifiserer deg risikerer du å ikkje bli slept inn i møtet.

Gå til Innboksen din og opne innkallingsbrevet

Skjermbilde. Innboks på helsenorge.no

Følg instruksjonane i brevet, du skal anten:

1. Trykke på videolenka og identifisere deg med fullt namn eller

Skjermbilde. Dialogboks hvor du skal skrive inn fornavn og etternavn.

2. Gå til www.join.nhn.no og identifisér deg med fullt namn og skriv inn oppgitt romnummer, for så å trykke på videosymbolet til høgre for feltet og tast vidare inn firesifra pin-kode.

Skjermbilde. Dialogboks hvor du skriver inn adresse eller nummer.

Viss du ikkje har mottatt pin-kode, trykk på «Delta». Dersom du ikkje har mottatt romnummer og pin-kode, ta direkte kontakt med avdelinga som har kalt deg inn.

Vidare må du:
  • Gi tilgang til kamera og mikrofon
  • Vent til du ser behandlar
  • Sjå felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet

Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer, eller du har motteke brevet på papir, må du opne https://join.nhn.no, registrere deg og taste inn romnummer og pin-kode.

Oppkoplingsinformasjon i brev motteke i ein digital postkasse

I innkallingsbrevet finst informasjon om korleis du koplar deg opp til videokonsultasjonen. Det er viktig at du registrerer ditt fulle namn når du vert bedt om dette. Viss ikkje du identifiserer deg, risikerer du å ikkje verte sloppe inn i møtet.

Følg instruksjonane i brevet, du skal anten:

1. Trykke på videolenka og identifiser deg med fullt namn eller

Skjermbilde. Dialogboks hvor du skal skrive inn fornavn og etternavn. 

2. Gå til https://join.nhn.no, identifisér deg med fullt namn og skriv oppgitt romnummer for så å trykke på videosymbolet til høgre for feltet og tast vidare inn firesifra pin-kode.

Skjermbilde. Dialogboks hvor du skriver inn adresse eller nummer. 

Viss du ikkje har motteke pin-kode, trykk på «Delta». Dersom du ikkje har motteke romnummer og pin-kode, ta direkte kontakt med avdelinga som har kalt deg inn.

Vidare må du:

  • Gi tilgang til kamera og mikrofon
  • Vent til du ser behandlar
  • Sjå felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet

Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer, eller du har motteke brevet på papir, må du opne opne https://join.nhn.no, registrere deg og taste inn romnummer og pin-kode.

Oppkopling på SMS eller e-post

I nokre tilfelle vert oppkoblingsinformasjon sendt via SMS eller e-post. Det finst to ulike måtar å kople seg opp på. Følg instruksane du mottar for den gjeldande videokonsultasjonen:

1. Logg inn med BankId når du blir bedt om dette. Dersom du ikkje har BankId kan du logge på med kode via sms.

  • Gi tilgang til kamera og mikrofon
  • Følg instruksane på velkomstsida for videokonsultasjonen.
  • Du går automatisk vidare til møterommet når behandlar er komen. Viss du ikkje går automatisk vidare, klikk på «Start Videokonsultasjon» når denne er tilgjengeleg.
  • Sjå Felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet

2. Ved oppkopling via www.join.nhn.no, registrer ditt fulle namn for å identifisere deg.

  • Trykk på videosymbolet, tast inn mottatt romnummer og pin-kode
  • Gi tilgang til kamera og mikrofon
  • Vent til du ser behandlar
  • Sjå Felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet

Felles instruksjonar for alle videooppkoplingar

  • Sjekk at du ser deg sjølv og at indikator for lyden din (grøn linje) rører seg når du snakkar.
  • Viss du skal tilknytte eksternt kamera eller mikrofon, trykk på den litle pilen for å opne venstre meny og vidare på dei tre prikkane (Innstillingar) og vel aktuell lyd- og eller biletekjelde under Medieinnstillingar
Skjermbilde. Video/kameraikon krysset ut, rød pil for å se andre deltakarar.
  • Opne menyen, via den litle pilen midt på skjermen til venstre, for å sjå deltakarar eller sende ei melding/chat dersom du har behov for det.

Under

Det er viktig at du gjer deg kjent med køyrereglane som gjeld for denne type konsultasjonar. Oppstår det problem undervegs i konsultasjonen finn du òg svar på korleis du kan løyse desse her.

Køyrereglar for videokonsultasjonen


  • Alle involverte partar må presentere seg. Helsepersonell bør vere førebudd på at pasienten kan be deg om å legitimere seg. Dersom du har med nokon i konsultasjonen, er det viktig at vedkommande vert presentert og er synleg for behandleran. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller i bygninga kor du er.
  • Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtala (verken lyd eller bilete). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på https://helsenorge.no.

Andre viktige moment

Husk at behandlarane ikkje ser 'heile deg', og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med fysisk oppmøte. 

Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.

Ha tilgang til legitimasjon med bilete dersom du ikkje er kjent for behandlar og vert bedt om å legitimere deg

Handtering av eventuelle problem

Problemløysing
PROBLEM LØYSING
Du har tekniske problem med videoløysingaTa kontakt med Kundesenteret i Helse Vest IKT på telefon  55 97 65 51
Du eller behandlar er forseinkaTa kontakt med avdelinga, sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Du finn ikkje ein eigna plass å sitte i fredRing sekretariatet. Se kontaktinformasjon i innkallinga. Dersom du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, så må behandlar vurdere om det er godt nok eller om du må få ein ny time.
Nokon kjem inn i rommet.Gi beskjed til behandlaren at du ikkje lengre er alene slik at samtala kan settast på pause. Dersom mogleg, sørg for at du får rommet for deg sjølv igjen.
Annen uventa hendingHendingar som gjer at informasjon om pasient og pasientens helse kan bli fanga opp av andre, eller som gjer at samtala ikkje kan gjennomførast, betyr at møtet settast på pause eller avsluttast. Dersom nødvendig går ein over til telefon for å diskutere kva som skal gjerast vidare.
Du har ikkje fått lagt inn fullt namn ved oppkopling til video via join.nhn.no
Gå på https://join.nhn.no  i den nettlesaren du skal bruke og legg inn fullt namn. Klikk så på videolenka i innkallingsbrevet, eller legg inn romnummer og pin-kode som forklart saman med lenka.

Etter

Dine rettar og betaling

Sjølv om møtet med legen skjer på ein anna plass enn på sjukehuset, er det framleis dei same reglane for tausheitsplikt og personvern som gjeld. Under kan du gjere deg kjent med kva for nokre reglar som gjeld og få meir informasjon om betaling.

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonelloven og Pasient- og brukarrettslova sine regler om teieplikt vere styrande for sjølve samtala og behandlinga av informasjon som kjem fram under samtala. Relevante og nødvendige helseopplysingar skal førast i journalen på lik linje som om samtala skulle skje andlet til andlet eller per telefon. Opplysingar om helsa din kan som hovudregel bli gitt til annan samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du motset deg dette).

Den valde videokonsultasjonsløysinga har ei kryptert linje, og samtala (inkludert lyd og bilete) vert ikkje lagra, verken på internett, eller på våre servarar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å bruke videokonsultasjon, og du treng ikkje oppgi nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjon andlet til andlet. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for ditt vidare behandlingstilbod frå instansar i helsevesenet.

Logg inn på https://helsenorge.no for å sende en melding. Er det mindre enn to verkedagar igjen til timen din, må du kontakte oss direkte på telefon, måndag til fredag mellom klokken 08.00 til 15.30.

Dokumentasjon og betaling

Videokonsultasjonen vett dokumentert som ein vanleg konsultasjon i din journal og eigendelen er den same som ved annan poliklinikk.

Krav om eigendel vert sendt som faktura i etterkant av konsultasjonen. Pasientar med frikort, og barn under 16 år betaler ikkje eigendel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?