Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Psykose hos voksne ved Voss DPS
Nasjonale pasientforløp for psykose skal bidra til at dei som treng det, skal få ei rask avklaring om det er ein psykose som treng behandling. Behandlinga skal bli gitt på ein heilskapleg og effektiv måte. Vi legg til rette for medbestemming og for at resultatet av behandlinga skal bli vurdert undervegs.
Psykose er ikke én bestemt lidelse eller sykdom, men et tegn eller symptom som kan kalles en forvirringstilstand. Det finnes flere typer behandling. De fleste som får behandling blir bedre, og noen blir helt friske.
Pasientforløpet startar ved tilvising, som regel frå den kommunale helsetenesta / fastlege eller som vidare utgreiing/behandling etter akuttinnleggingar. Dersom du har teikn til psykose, kan du bli tilvist til pasientforløp for psykose.
Det er spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for tenestetilbodet i pasientforløpet. Undervegs kan du ha periodar med behandling i sjukehus, som døgnpasient ved eit distriktspsykiatrisk senter eller få poliklinisk behandling.
For å sikre at du får god oppfølging har pasientforløpet det som blir kalla forløpskoordinatorar. Koordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørande og kan svare på spørsmål som gjeld timeavtalar og kva som vil skje i forløpet ditt.
Dette er ei skjematisk oversikt over gangen i pasientforløpet og kva det inneheld.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist til pasientforløp for psykose når du har eitt eller fleire teikn på psykose.
Ved behov for rask hjelp skal du bli tilvist direkte til akutte tilbod ved psykisk helsevern. Før du blir tilvist, skal den som tilviser, så godt det lar seg gjere kartlegge og vurdere teikna og symptoma dine. Ved kartlegginga skal tilvisar, så langt det er mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i avgjerda, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.
forvirring eller store problem med å tenke
stor endring i åtferd eller svært påfallande åtferd
sosial isolering
uvanlege eller avflata følelsesmessige reaksjonar
stor svikt i personleg hygiene
uvanlege overtydingar eller magisk tenking
stor mistru eventuelt med idear om å bli forfølgt utan at det eigentleg er grunnlag for å tenke slik
trur at andre kan høyre eins tankar
uvanlege sanseopplevingar / hallusinasjonar (for eksempel høyrer stemmer)
endra opplevingar av seg sjølv eller omgivnadene
storleiksidear
Psykose hos barn og unge er vanlegvis prega av skiftande symptom som kjem gradvis, og det er vanleg å ha andre psykiske plager samtidig. Den som tilviser må vurdere symptoma i samanheng med utviklings- og evnenivå og livssituasjonen til pasienten:
det kan vere vanskeleg for unge å sette ord på ei psykoseoppleving. Symptoma er ofte «private» og lite synlege for andre
barn og unge kan ha alvorlege symptom sjølv om funksjonsnivået er høgt
spørsmål om psykosesymptom må bli stilt direkte til barnet eller ungdommen og ikkje berre bli basert på opplysningar frå andre
barn og unge bør få tilbod om å skrive ned korleis dei opplever situasjonen sin og problema sine. Eit eventuelt skriv frå pasienten blir lagt ved tilvisinga
Tilvisande instans bør gjennomføre ei kartlegging som inkluderer punkta nedanfor før tilvising blir sendt. Pasienten bør få kopi av tilvisinga.
Aktuell problemstilling
Korleis pasienten opplever eigen situasjon og ønske om hjelp
Moglege utløysande årsaker til problema, for eksempel belastande livshendingar
Tidlegare behandlingserfaring og effekt av dette
Symptomutvikling og funksjonsnivå
Iverksett behandling og effekt av denne
Ressursane til pasienten
Rusmiddelbruk
Psykiatrisk status inkludert risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord
Somatisk status
Tilleggsundersøkingar med eventuelle funn
Familie/sosialt
Familiesituasjon
Barn som pårørande eller mindreårige søsken
Arbeid/skule
Tolkebehov og kva språk dette gjeld
Tidlegare sjukdommar
Tidlegare psykiske problem eller lidingar
Tidlegare og nåverande somatiske sjukdommar av betydning
Forventa utgreiing/behandling
Grunngiving for tilvisinga og forventa nytte av utgreiing/behandling
Relatert helsepersonell
Nåverande tilbod frå andre tenestestader
Legemiddel
Legemiddel i bruk (LIB) og relevant tidlegare legemiddelbruk
Kritisk informasjon som allergi og eventuell smitterisiko
Om det ligg føre psykose eller mistanke om psykose, har du rett til helsehjelp, og første konsultasjon bør skje så raskt som mogleg, helst innan 7 kalenderdagar etter mottatt tilvising. Spesialist i psykiatri eller klinisk psykologi skal delta i dei diagnostiske og behandlingsmessige vurderingane som blir gjort i forløpet.
Når du er i eit pasientforløp, vil det vere ein forløpskoordinator som du kan vende deg til, og som har ansvar for og myndigheit til å sikre eit samanhengande forløp utan unødig ventetid. Forløpskoordinator har ansvar for å:
vere tilgjengeleg for deg og dine pårørande til du har fått tildelt eigen behandlar i spesialisthelsetenesta
koordinere heile forløpet, også når ein ikkje møter opp til avtalar
ha eit overordna ansvar for at forløpstidene blir følgt
informere, rettleie og gi råd til deg og dine pårørande
koordinere avtalar og samarbeidsmøte, om det er behov for det
samarbeide med forløpskoordinator i kommunen
Ved utgreiing av psykoselidingar er det viktig med grundig kartlegging, og hensikta med den første samtalen er å bli litt kjent. I fortsetting gjennomfører vi ei meir omfattande kartlegging. For barn og unge vil behandlar som regel oppfordre til at foreldre deltar i utgreiing og behandling. Du og behandlaren din blir einige om ein kartleggingsplan. Vanlegvis vil kartlegginga innebere samtaler, strukturerte intervju og spørjeskjema.
I pasientforløpet er det også viktig med somatisk undersøking og blodprøver, og dette vil oftast bli utført hos fastlegen din. Mange vil også bli anbefalt ei CT- eller MR-undersøking av hjernen. Det er laga eigne utgreiingsprogram for personar som har ein psykose for første gong, og for personar med tilbakevendande psykoseepisodar.
Når utgreiinga er ferdig og hovudutfordringane dine er avklart, skal det etter samråd med deg og dine pårørande bli gjort ei klinisk avgjerd. Deretter blir det avgjort om du har behov for vidare behandling i spesialisthelsetenesta eller frå andre instansar, og det blir utarbeidd ein plan for vidare behandling – ein såkalla behandlingsplan.
Les meir om nasjonale pasientforløp og utgreiing på helsedirektoratet.no:

I oppstarten av behandlinga er det viktig at du og behandlaren blir einige om behandlingsmål og framgangsmåte. Behandling for psykose består vanlegvis av samtaler, medikamentell behandling og eit strukturert familiesamarbeid. Bildeterapi, musikkterapi og fysisk trening er andre tilbod som mange har god nytte av.
Behandlinga vil variere ut frå tilstanden din og alvorsgraden av problema, og behandlinga skal bli tilpassa til ønska og behova dine. Det er svært viktig at du får kontinuerleg behandling i den perioden du treng det, og at behandlarane dine samarbeider med fastlege og eventuelle andre instansar som gir deg bistand. Dette er særleg viktig dersom du har omfattande eller samansette problem, for eksempel på grunn av rusavhengnad.
Vi legg opp til at du får spørjeskjema for å kunne gi tilbakemelding på korleis du opplever behandlingseffekten, og relasjonen til behandlaren din. Behandlinga blir evaluert fortløpande, og tilbakemeldingane dine er viktige for å kunne gi god behandling.
Alle pasientar skal ha ein behandlingsplan som gir ei samla oversikt over planlagde tiltak med tidspunkt for evaluering gjennom pasientforløpet. Ein behandlingsplan bør minimum innehalde:
behandlingsmål
rammer for behandlinga (hyppigheit, varigheit)
behandlingstilnærmingar og tiltak: samtaler, medikament, familieintervensjon, eventuelt andre tiltak
eventuelle tiltak utanfor psykisk helsevern
plan for å fortsette i skule/arbeid eller for tilbakevending til skule/arbeid
ansvarlege for dei ulike tiltaka
pasient og/eller foreldres ansvar for å følge opp behandlinga
Det er utarbeidd konkrete anbefalingar om ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar. Dette er ikkje eit sjølvstendig pasientforløp, men alle forløpa har anbefalingar om kartlegging av somatisk helse og levevanar. Den somatiske helsa til pasienten blir følgt opp som ein integrert del av behandlinga.
Behandlingstilbodet er individuelt tilpassa din tilstand, og vi vil legge til rette for at du har innflytelse på eigen behandling og oppfølging. I samråd med deg vil behandlar lage ein behandlingsplan som kan bestå av ulike behandlingsformer og i ulike kombinasjonar:
Behandling med legemiddel kan ta bort eller dempe symptoma. Ved å redusere symptom kan det bidra til at du som erfarer psykose, kan bruke evnene og ressursane dine i større grad, få fullt utbytte av andre behandlingsformer og med det også klare deg betre. Behov for legemiddelbehandling blir vurdert individuelt og i samråd med deg.
Når nokre erfarer ein psykose, vil også familiemedlemmer kunne bli involvert i sjukdomsutviklinga. Ei kunnskapsformidlande familietilnærming kan gi ein reduksjon i antal tilbakefall, betre den sosiale fungeringa, redusere varigheita av og antal sjukehusinnleggingar, gi betre etterleving av legemiddelbehandling og betre livskvalitet til både den som erfarer psykose, og nære omsorgspersonar.
Samtalebehandling kan vere svært nyttig for mange som opplever psykosar. Det vil kunne gi ei betre sjølvforståing og vere ein del av ein tilfriskingsprosess. Kognitiv terapi kan blant anna vere med å redusere ubehag knytt til høyrselshallusinasjonar og redusere angst og depresjon.
Ein kan definere miljøterapi som ei planlagt tilrettelegging av dagleglivet i ei døgneining. Miljøterapi som omgrep omfattar både det psykososiale miljøet i eininga, det sosiale læringsmiljøet og relasjonen mellom miljøterapeuten og den enkelte pasienten, som også gjer det til ein god arena for sosial ferdigheitstrening.
Fleire nasjonale rettleiarar legg vekt på fysisk aktivitet som ein viktig del av behandlingstilbodet.
Ved innlegging i døgneining kan noko av behandlinga gå føre seg i grupper, for eksempel psykoedukative grupper, meistringsgrupper, turgrupper og grupper for fysisk aktivitet.

Oppfølging
Planlagt avslutning av pasientforløp for psykose skjer etter avtale mellom deg og behandlaren din. Helsehjelpa skal bli evaluert, og ei samla evaluering av behandlinga bør bli gjennomgått når de avsluttar forløpet.
Ved avslutning av pasientforløp for psykose vil det som regel vere nyttig med vidare oppfølging, og om det er fleire tenester som skal bli koordinert, må denne vere del av individuell plan (IP). Koordinator/behandlar i spesialisthelsetenesta, eller kommunens koordinator, har ansvaret for samordning av tenester etter at du har avslutta behandling i spesialisthelsetenesta.
Følgande skal bli gjennomgått og inngå i epikrisen (samanfatning av pasientjournal):
Plan for vidare tiltak og ansvar for dei, inkludert ivaretaking av somatisk helse
Kriseplan som er forankra hos involverte aktørar
Aktuelle avtalar, tilvisingar og søknader
Oppdatert legemiddelliste
Eventuell sjukemelding
Risikovurderingar, der det er behov, med beskriving av aktuelle tiltak
Ein konkret fagperson er ansvarleg for oppfølging/koordinering av eventuelle vidare tiltak i kommunen.
Pasienten har eigna bustad og trygg økonomisk situasjon.
Pasienten har tilbod om skule, arbeid eller meiningsfull aktivitet eller ein plan for vidare tiltak.
Det er informert om kvar pasienten og/eller foreldre, ev. pårørande, kan vende seg ved behov for ytterlegare behandling i psykisk helsevern.
Kommunal helse- og omsorgsteneste / fastlege blir informert om aktuelle sjølvmordrisikovurderingar/valdsrisikovurderingar og eventuelle igangsette tiltak.