Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kroppslig (somatisk) behandling ved psykiske lidelser

Personar med alvorlege psykiske lidingar har auka førekomst av kroppsleg sjukdom. Eksempel er hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdom, kreft og diabetes. Det er viktig at psykiske lidingar ikkje tar merksemda bort frå å oppdage og behandle slike sjukdommar. Det same gjeld tiltak for å førebygge sjukdom.

Pasientar med alvorlege psykiske lidingar har mange risikofaktorar for å få kroppsleg sjukdom. Mange lever isolerte og tilbaketrekte med lite fysisk aktivitet, nokon har problem med overvekt og usunt kosthald, og ein stor del røyker eller bruker andre rusmiddel. Også biverknader av den medikamentelle behandlinga av psykiske lidingar kan spele inn.

Samtidig blir symptom på fysisk sjukdom dessverre ofte undervurderte eller oversette hos pasientar med alvorlege psykiske lidingar og rusmiddellidingar. Det kan føre til mangelfull helsehjelp.

Utgreiing og kartlegging

Pasientar med alvorleg psykisk liding og rusmiddellidingar må sikrast nødvendig somatisk utgreiing og behandling når dei får behandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Dei ulike delane av helsetenestene samhandlar godt på dette området.

Under

Tiltaka må formast ut i samarbeid med kvar enkelt pasient, med høg grad av brukarmedverknad.

Fastlegen er sentral i førebyggande helsearbeid med rådgiving om kosthald, mosjon og røykeslutt. Men alle delar av helsevesenet må gi systematisk og målretta informasjon om den auka risikoen for sjukdom, og at sjukdom kan førebyggast med røykeslutt, sunnare kosthald og meir mosjon.

Hjelp til røykeslutt

  • Vi oppmuntrar til å redusere og slutte med nikotin
  • Vi motiverer til røykeavvenningskurs
  • Vi samarbeider med andre aktørar som tilbyr hjelp til røykeavvenning

Kosthaldsrettleiing

  • Vi motiverer til sunne kostvanar og ernæring
  • Vi samarbeider med andre aktørar som tilbyr kosthaldsrettleiing

Fysisk aktivitet og trening

Fysisk aktivitet reduserer risikoen for livsstilsrelaterte sjukdommar og inngår som ein del av den heilskaplege behandlinga av psykoselidingar.

Vi informerer om betydninga av fysisk aktivitet og motiverer for aktivitet og trening. Det blir sett av tid til å kartlegge tilbod og aktivitetar i nærmiljøet.

Kontakt

Voss DPS NKS Bjørkeli Voss DPS NKS Bjørkeli

Oppmøtestad


Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss

En bygning med en plen foran seg og en høyde i bakgrunnen

Voss DPS NKS Bjørkeli

Bjørkelivegen 27

5705 Voss