Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ALIS i sjukehusteneste

Utdanning er ei av Voss DPS NKS Bjørkeli sine hovudoppgåver. Vi bidrar til utdanning innan fleire helse- og sosialfag.

Allmennlegar i spesialisering (ALIS) i Helse Vest

  • Helse Vest RHF har, for å leggje til rette for sjukehusteneste for ALIS, i første omgang etablert ein ALIS-portal som skal hjelpe med informasjon og registrering av aktuell tidsperiode for utdanning i spesialisthelsetenesta.
  • Spesialisthelsetenesta skal leggje til rette for allmennlegane sitt behov for spesialisering i sjukehus (ALIS). Sjukehusa vil vere heilt avhengige av vel fungerande og høgt kompetente fastlegar. Vi er i starten av eit generasjonsskifte blant fastlegane med mange nye fastlegar som etter forskrift må ha gjennomført allmennlegespesialisering.
  • Helseføretaka må synliggjere handlingsrommet for ALIS spesialisering og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein hensiktsmessig og god måte. 

Allmennlegar i spesialisering (ALIS) i Helse Vest

  • I denne portalen skal sjukehusavdelingane legge ut tilgjengeleg tid som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og ALIS kan melde seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»).
  • Det er viktig at sjukehusa følgjer opp med å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS spesialisering. Vi skal nytte tid der eigne medarbeidarar har planlagde lengre permisjonar, slik at ALIS legane kan få tilsetting i avtalt periode. Dette vil krevje god planlegging i føretaka og god medverknad frå ALIS legane for at vi skal få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennleger er ein viktig del av arbeidet.​


​Dokumentasjon

Nettsak Portal for å registrere ledig tid for spesialistutdanning (ALIS) endelig.pdf

Presentasjon ALIS utanning i foretakene endelig.pdf

ALIS portalen innhold endelig.pdf

Lenkjer

Sist oppdatert 28.08.2023