Poliklinikken er ein del av Voss distriktpsykiatriske senter (DPS). Senteret skal gje eit allmennpsykiatrisk tilbod til vaksne i Voss sjukehusområde.

​​​Behandlinga hos oss består av utgreiing og diagnostisering, individuell terapi, miljøterapi, undervisning, fysisk aktivitet og sosial trening.

Utanom opningstid blir resepsjonen besvart av telefonsentralen ved Haukeland universitetssjukehus.

Funksjonar i senteret
Psykiatrisk poliklinikk er lokalisert i 1.høgd. Psykiatrisk rehabiliteringsteam held til i Sorenskrivargarden. Døgntilbodet er lokalisert til NKS Bjørkeli.
Psykiatriske plagar kan vera samansette og nokre gonger omfattande og langvarige. Dette gjer det naudsynt med individuelt tilpassa opplegg med ei tverrfagleg tilnærming.
Fagteamet har psykiatar, psykologar og psykiatrisk sjukepleiar. Desse vil samarbeida med og om den enkelte pasienten og med pasienten sin primærlege eller annan tilvisande instans.
Allmennpsykiatrisk tilbod omfatttar:
Vurderingar, individuelle psykoterapeutiske samtalar, par- og familiesamtalar, medikamentell behandling.
Psykiatrisk rehabiliteringsteam i Sorenskrivargarden​​ har som målgruppe pasienter med psykiske lidingar med alvorleg funksjonssvikt.

Telefon hovedresepsjon: 56 53 38 30