Støttefunksjonar

Støttefunksjonane er ein viktig del av pasientbehandlinga. Voss DPS har eige kjøkken som lagar mat til både pasientar og tilsette, i tillegg til eigne reinhaldspersonale som sikrer god hygiene og trivsel på døgnavdelinga og resten av bygg 1 og bygg 2. Me har også eigen vaktmeister som vedlikeheld byggmassen og er altmuligmann. 

​Kjøkken / Kantine

På kjøkkenet jobber det to kokker som handterer kantine for alle tilsette og alle måltid for innlagte pasientar. Dei lagar også mat til spesielle høve. Dei samarbeider tett med dei kliniske avdelingane.

Les meir om kjøkkenet her

Reinhald

Det er 3 tilsette på reinhald. Dei har ansvar for reinhaldstenester på bygg 1 og 2. I bygg 3 nyttar me ekstern reinhaldsteneste.

Vaktmeister

Steinar Kvarme er vaktmeister. Han har eige verksted under bygg 3. Han har ansvar for byggteknisk vedlikehald og drift.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.