Vi gir eit tverrfagleg behandlingstilbod til personar over 18 år med psykiske lidingar som medfører alvorleg funksjonssvikt og/eller samansette behov.

​​​​Psykiatrisk rehabiliteringsteam (PRT) er ein del av Voss Distriktspsykiatriske Senter (DPS) og held til i Skrivargarden ved Voss sjukehus.

I PRT har vi stillingar for psykiater, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, psykiatrisk vernepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosialkurator.​

Individuell oppfylging
Me kan tilby samtalar, medikamentell oppfølging, psykoterapi, fysioterapi, kartlegging og avklaring av hjelpebehov. Me tilbyr også hjelp til å søka tenester, samt etablering av samarbeidsgrupper og individuell plan.
Gruppebehandling
Me tilbyr ulike former for gruppebehandling. Ein tek då sikte på å fremja utvikling og endring gjennom deltaking i eit gruppefellesskap. Verkemiddel i gruppene kan vera undervisning, samtale, utveksling av erfaringer, kreative arbeidsformer, fysisk aktivitet og praktisk samhandling.
Samarbeid med pårørande
Pårørande er ein viktig ressurs for å yta god behandling. Me legg vekt på eit godt samarbeid med pårørande i dei tilfelle der partane ønsker dette.
Nettverksarbeid
PRT samarbeider med andre som har med pasienten å gjera. I samråd med pasienten utveksler me informasjon og samordner tenester innan Voss DPS, med kommunen, og med andre instansar. På den måten kan me bidra til at hjelpeapparatet fungerer best mogleg.
PRT er eit ambulant team
Me legg vekt på å tilby hjelp der pasienten er. Dersom det er mest tenleg kan behandlinga og kontakten skje i heimen, i nærmiljøet eller på annan høveleg stad.
Korleis koma i kontakt med PRT?
Kontakt med PRT skjer gjennom tilvising frå fastlege. Les meir om tilvising her.
Telefon resepsjon: 56 53 37 20