Varigheit av opphaldet:
Varigheit av opphaldet kan variera. Enkelte gonger kan eit kortvarig opphald vera å føretrekkja (kriseintervensjon, stabilisering, 1- 3 veker). Andre gonger er det nødvendig med eit litt lengre opphald (behandlingsopphald, 3- 12 veker).
Voss DPS NKS Bjørkeli har tilbod om brukarstyrt plass (5 dagar). Dette gjeld personar som har eigen avtale om dette og som har underskreve kontrakt.
Du vil ganske raskt etter innkomst få snakka med psykiater/psykolog. Anteke varigheit av opphaldet vil vera tema i denne samtalen.
Du er frivillig innlagt ved Voss DPS, Bjørkeli. Du står fritt til å skriva deg ut når du måtte ynskja. Ein anbefalar deg likevel å vera innlagt så lenge som legen rådar deg til.
Permisjonar:
Fyrste helga etter innkomst frårår me permisjon. Vidare skal permisjonar avklarast med avdelingsleiar. Permisjonar skal ha eit klart formål. Helgepermisjonar skal avtalast før kl. 13.00 torsdagar.
Morgonmøte:
Kvar morgon kl 09.45 i avd. II og kl. 10.00 i avd. III.
Undervisning:
Me har undervisning for pasientar og pårørande, sjå eiga liste i avdelinga.
Rusmidlar:
Det er ikkje tillate å bruke alkohol eller andre rusmidlar under opphaldet.
Rusmiddeltesting:
Ved rusproblematikk tar me regelmessig urinprøve. Konsekvensar og behandlinga vidare vert individuelt for den enkelte.
Parkering:
Ein har dessverre noko dårleg parkeringsmogelegheiter ved institusjonen. Kjem du med eigen bil ber me deg ta kontakt med avdelinga for å få tilvist plass.
Besøk:
Ein legg til rette for besøk i avdelinga. Ein har ikkje besøkstider, men ynskjer fortrinnsvis at besøk vert lagt til ettermiddag, kveld og helg slik at dette ikkje går utover avtalar/behandlinga.
Klevask:
Kvar avdeling har vaskemaskin slik at du har anledning til å vaska kleda dine sjølv. Vakemaskina deler du med dei andre pasientane i avdelinga.
Skotøy:
Ein rådar alle til å ta med innesko til bruk i avdelinga.
Ein ynskjer ellers fokusera på fysisk aktivitet og ber difor at kvar enkelt har med seg gode sko til bruk ved trim og tur.
Treningsklede:
Ein har treningsrom og tilbod om fysioterapi og avspennigsgruppe. Ta med ledig og godt tøy slik at du har mogelegheit for å delta.
Orden:
Kvar enkelt held rommet sitt i orden så langt det let seg gjera. Måndag, onsdag og fredag formiddag blir bad og golv på romma vaska av reinhaldspersonale. Alle ryddar av bordet etter måltida.
Nøklar:
Dei som diponerer nøkkel til rommet betalar kr 200,- i depositum.
Brannøving:
Det er obligatorisk brannøving for pasientane.
Ro i avdelinga:
Det skal vera ro i avd. etter kl 23.00 (helg kl 24.00) TV vert slått av kl 23/24.
Telefon:
Me frårår bruk av mobiltelefon i fellesrom.
Internett:
Me har eige rom med datamaskin og internett i kvar avdeling. Me oppfordrar pasientane til fornuftig bruk av denne. Datarommet vert stengt kl 23.00.
Det er òg trådlaust nettverk ved institusjonen.
TV:
Det er to tv-stover i avdelinga (NRK og TV2).