Kontrollkommisjonen
Kontrollkommisjonen behandlar klager på innlegging, bruk av tvang og liknande. Besøkjer institusjonen ca. annan kvar mnd. Den som fremjar sak for kontrollkommisjonen bør ha eigen advokat. Advokathjelp er gratis når det vert fremja sak om tvangsbruk. Institusjonen bistår med å skaffa advokat. Leiar for Kontrollkommisjonen kan ein kontakta direkte eller pr. brev:
Advokat Arild Birkeland (leiar)
Hadlabrekko 94
5417 Stord
epost: arild.birkeland@responsa.no
Tlf. 99272656
Fylkeslegen
Fylkeslegen behandlar klager på innhaldet i / kvaliteten av behandlinga. Fylkeslegen kan ein kontakta pr. telefon, brev eller ved direkte frammøte:
Fylkeslegen i Hordaland
Postboks 7320
5020 Bergen
Tlf. 55572300
Pasientombudet
Pasientombudet skal vera pasienten sitt talerøyr og arbeida for pasientens rettssikkerheit. Dei gjev råd og veiledning dersom du har ei sak i høve til dei som er involvert i pasientbehandlinga. Pasientombudet kan kontaktes pr. telefon, brev eller ved direkte frammøte:
Lars Hillesgate 19
5008 Bergen
Tlf. 55218090
Pasienterstatningsnemd
Pasientskadeerstatningsnemda behandlar saker om feilbehandling som pasienten meiner har medført skade eller mèn:
Karl Johans gt. 41 B
0162 Oslo
Tlf. 22033500