Bakgrunn

Voss DPS er per 2015 samansatt av NKS Bjørkeli og Voss vaksenpsykiatrisk avdeling i Helse Bergen HF.

Voss vaksenpsykiatrisk avdeling består av ein poliklinikk i 1. høgd på sjukehuset og psykiatrisk rehabiliteringsteam (PRT) i Sorenskrivargarden (på sjukehustomta).

NKS Bjørkeli er ein privat, ideell institusjon, og består av to døgnavdelingar i tillegg til aktivitetsavdeling og driftsavdeling.

NKS Bjørkeli held til eigne bygningar medan Voss
vaksenpsykiatriske avdeling er lokalisert til Voss sjukehus. Dette inneber at
Voss DPS (som det einaste i landet) har to eigarar.

Ved ulike høve har det vore diskutert om det var behov for å knyta dei to institusjonane nærare saman.
Dette spørsmålet vart på ny reist hausten 2014. Desember same år møtte
representantar for leiing og tilsette ved NKS Bjørkeli, Voss vaksenpsykiatriske
avdeling og Divisjon psykisk helsevern (Helse Bergen HF) for å drøfta i kva grad det ville vera
hensiktsmessig å sjå på ein sterkare samordning av institusjonane. Til stades
var også representant frå Personal- og organisasjonsavdelinga i Helse Bergen og
leiar av BUP Voss.

Konklusjonane var eintydige. Sterkare samordning er naudsynt og tiltak for samlokalisering av
verksemdene bør setjast i verk så fort som mogeleg.

Status prosjekt

Frå 1. januar 2016 blir alle tilsette på Vaksenpsykiatrisk avdeling (poliklinikk + PRT) verksemdsoverdradd til NKS Bjørkeli. Det vil seie at heile DPSet er samla under ein eigar – ein organisasjon.

Me jobbar no med budsjett for 2016, planar for riving av gamle bygg og bygging av nytt bygg. Me ser på stillingsbehov og kva fagleg innhald me ynskjer i DPSet. Kommunane i opptaksområdet er orientert gjennom Underutvalet Rus og Psykiatri. I tillegg sender me i desse dagar ut brev med invitasjon til kommunar for eit møte omkring deira tankar om eit nytt DPS.

Har du innspel eller tankar knytt til prosessen kan du senda e-post eller brev til Voss DPS NKS Bjørkeli.