No kan endå fleire sjå journalen sin på nett!

I mai kom første del av Min pasientjournal i Helse Vest. Då kunne nokre pasientar logge seg inn på helsenorge.no og sjå utvalde journalnotat. – No opnar vi opp for at også pasientar innan rus og psykisk helsevern kan få tilgang til journalen sin på nett.

Dette seier Ole Jørgen Kirkeluten, som det siste halvåret har jobba intenst for at pasientar i Helse Vest skal få enkel og sikker tilgang til journaldokumenta sine på nett.

Pasientens helseteneste

– Vi veit at terskelen kan vere større for å be om innsyn i journal når det må skje skriftleg til sjukehuset. Med dette tilbodet ønskjer vi å legge enda betre til rette for pasientens helseteneste, seier Kirkeluten.

Det å kunne følgje med i sin eigen journal er viktig for mange, særleg for dei som er i lange behandlingsforløp og har mange timar på sjukehuset. Det er ikkje alltid like enkelt å få med seg alt legen seier under ein konsultasjon. Det å kunne gå tilbake å lese journalen etterpå, kan vere svært nyttig for mange.

Gi fullmakt til andre

No har ein også moglegheit til å gi andre fullmakt til å lese journalen sin. Det gjer ein ved å logge seg inn på helsenorge.no, enten direkte eller via vestlandspasienten.no, og gå inn på profilen sin på Min helse. Der kan ein velje å gi fullmakt til eit familiemedlem eller ein annan som ein søkjer opp med namn og personnummer. All aktivitet blir logga og fullmakta kan når som helst avsluttast.

70 000 har allereie sjekka journalen sin

I august skreiv Bergens Tidende at 70 000 vestlendingar allereie hadde vore inne på helsenorge.no og sjekka journalen sin. No er talet enda høgare.

For å logge inn på journalen går ein inn på helsenorge.no eller vestlandspasienten.no og loggar inn med Bank-ID eller anna godkjent innloggings-ID. Journaldokumenta blir henta inn på helsenorge.no berre i det du les dei. Dei blir ikkje verande på nettet når du har logga deg ut, men det er mogleg å skrive ut eller lagre journaldokumenta om ein ønskjer det.

Alle har rett til innsyn i journal

Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny. Den har pasientar hatt heilt sidan 1977. Det som er nytt no er at vi tilbyr pasientane våre å lese journalen på nettet. Behandlarane har moglegheit til å utsetje innsyn på nett i ein periode om dei meiner det er til det beste for pasienten. Du har likevel moglegheit til å be om innsyn på papir, ved å sende inn eit skjema til det aktuelle sjukehuset. Gjer du det, vil det bli fatta eit formelt vedtak om du skal få sjå journalen din eller ikkje. Dette vedtaket kan påklagast. Det er berre skriftlege førespurnadar om innsyn som blir formelt behandla på denne måten.

Elektronisk tilgang til sjukehusjournal

I løpet av 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til delar av sjukehusjournalen sin på nett. For pasientar innan somatikken er datoen 24. mai. For pasientar innan rus og psykisk helsevern er datoen 21. september. Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 (somatikk) og 12. september 2016 (rus og psykisk helsevern) som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 1977. Det som er nytt er at pasientane no får enklare og raskare tilgang til journalen, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tilgang til journalen blir gitt gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen helsenorge.no eller via vestlandspasienten.no.​​​​
Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen vil det bli enklare for pasientar å vere delaktige i eigen helse og eigen behandling. Det blir enklare for pasientane å bruke sin lovfesta rett til innsyn, og vi trur kommunikasjonen mellom pasient og helseteneste vil bli betre.
Stortingsmelding 9 (2012-13) Éin innbyggjar-éin journal, tilrår at pasientar skal få elektronisk tilgang til sin journal.