Voss DPS NKS Bjørkeli er distriktspsykiatrisk senter for Voss lokalsjukehusområde (Voss, Kvam, Vaksdal, Granvin, Ulvik, Eidfjord), ca. 23 000 innbyggjarar over 18 år. Voss DPS har ei poliklinikkavdeling med 3 seksjonar og ei døgnavdeling med 12 senger. Vi har eigen driftsavdeling med kjøkken, reinhald og vaktmeister.

Voss DPS er eigd av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS Hordaland) og har driftsavtale med Helse Vest RHF.

Me har eit ledig vikariat for SOSIONOM

1-års vikariat i samband med fødselspermisjon i 100% stilling.

Stillinga har tilhørigheit på døgnavdelinga, men det vert aktuelt å serve poliklinikkavdelinga ved behov.

Stillinga høyrer til døgnavdelinga, men det er forventa arbeid ved poliklinikk og gruppepoliklinikk ved behov.

Døgnavdelinga har 12 senger og held til i nyoppussa lokal. Poliklinikkavdelinga består av allmennpsykiatrisk seksjon, gruppepoliklinikk og ein psykosepoliklinikk.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og planlegging av tiltak for pasientar i behandling og før utskriving
  • Råd og rettleiing i høve bustad, arbeid, økonomi og rettigheiter i Nav.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og samarbeid med det kommunale hjelpeapparatet, anna spesialisthelseteneste og Nav.
  • Motiverande samtalar i høve livstilsendringar, behandling, rus
  • Barn som pårørandearbeid.
  • Dokumentere iht. interne retningslinjer og krav.
  • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
  • Rettleie fyrstelinja.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskule/universitetsutdanning som sosionom.
  • Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller søkare med erfaring frå feltet vert føretrekt.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team, med gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter.
  • Fagleg engasjement
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Kjennskap til DIPS er ein fordel.

 

Me tilbyr

  • Stillingsbrøk 100%
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt tverrfaglig miljø
  • Dagstilling
  • Kurs og rettleiing etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Internundervisning
  • Nye lokaler med treningsmuligheter
  • Lønn etter avtale

 

Send søknad på e-post post@bjorkeli.no eller per post til Voss DPS NKS Bjørkeli, Bjørkelivegen 27, 5705 Voss.

 

Tiltredingsdato: September 2018, eller etter avtale

Søknadsfrist: 15.08.2018

Kontaktperson: Avdelingsleiar Anne Kari Gjeraker