Koronavirus og psykisk helse: Råd til helsepersonell, befolkning og andre fra WHO
Pasientar og pårørande
Pre-screening
Alle nye pasientar blir screena for Covid-19 symptomer før inntak/fyrste oppmøte. Dersom du har symptom på Covid-19 eller føler deg generelt sjuk - ta kontakt med Voss DPS før du eventuelt møter opp. Tlf 56514000.
Det leggast til rette for besøk til inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga før du planlegg besøk: Tlf 56514000.
Planlagte innleggelsar på døgn: Ta kontakt om du har spørsmål.
Poliklinikk: Akuttfunksjon fungerar som normalt. Planlagte timar kan bli gjennomført gjennom video/telefon. Du vil få beskjed per sms eller telefon. Ta kontakt om du har spørsmål. Tlf 56514000.
Venterom: I henhald til råd frå FHI ber me alle pasientar og pårørande halde 1 meters avstand i venterommet. Me forsøker å koordinera innkallingane slik at det aldri vil vera meir enn 5 som venter til ei kvar tid. Ber om at følgje ditt eventuelt kan vente utanfor bygget.
Eigenandel: Det krevjast eigenandel for telefonkonsultasjon og videokonsultasjon som er ei erstatning for vanleg oppmøte. Me føretrekk at du betalar med kort eller giro (på grunn av smitte).