1902-1970
På 1900 talet raste tuberkulosen i landet. Mange tusen vart sjuke og då mest ungdom i sin beste alder. På Voss var det og ille. Det vart naudsynt med ein sjukeheim for dei sjuke.

Bjørkeli Tuberkuloseheim vart grunnlagt og bygd med innsamla midlar som ein privat stiftelse i 1902-1904. Bjørkeli kom i drift i 1904 og vart ein av landet sine fyrste tuberkoloseheimar, etter  sanitetskvinnenes » Haugen» på Grorud i Oslo, som åpna i 1903. Bjørkeli hadde plass til 24 pasientar. Distriktslækjar Halvor Gjestland (1838-1907) sto i brodden for dette arbeidet.

Under krigen var det spesielt mange pasientar på Bjørkeli, ikkje minst russiske krigsfangar.

Etter 2. verdskrig vart namnet endra til Bjørkeli sjukehus. Institusjonen vart påkosta og ombygd, og fekk utvida plass til 40 pasientar. Nye og revolusjonerande medisinar vart utvikla frå 1947 og med dei vart det meir håp for denne pasientgruppa.

Både frå fylkeslegen og frå Helsedirektoratet vart det bestemt at Bjørkeli  Sjukehus skulle vera eit av dei siste tuberkolose-sjukehusa på Vestlandet.

Hovedelementa i behandlinga av tuberkolose var sengeleie, god ernæring og rikelig frisk luft. Dette vart gjennomført ved «kuring», som bl.a. innebar at pasientane låg utandørs i mange timar daglig i  kurhallar.

Dag etter dag, år etter år låg pasientane på kur-verandaene, med mål om å få helbredande kvile og for at såra på lungene skulle gro. Desse kurhallane var i bruk fram til på 50-tallet og er sidan blitt verna.

1970
I 1970 var det få tuberkulose pasientar att på Bjørkeli. Pasientgruppa besto hovudsakleg av hjarte- og lungepasientar, som var overført frå Haukeland sjukehus. Det var ikkje lenger behov for ei eige avdeling for tuberkuloseproblematikk ved Bjørkeli sjukehus. Styret ved Bjørkeli sjukehus vedtok den 15.12.70 å overdra institusjonen og eigedomen kostnadsfritt til NKS Bergen og Hordaland krets.

Styret la vekt på at namnet Bjørkeli sjukehus burde fylgje eigedomen og være ein privat institusjon.

NKS Bergen og Hordaland krets overtek institusjonen og startar oppbygginga av ein ny psykiatrisk sjukeheim for senil demente med 50 sengeplassar. Personalet ved Bjørkeli sjukehus får tilbod om å fortsetje i arbeidet ved institusjonen. Under byggeperioden, og med løyve frå helsedirektoratet nyttar dei dåverande bygningar til psykiatrisk sjukeheim for 28 pasientar. I starten tok styret opp lån som dei sjølve måtte garantere for.

På det meste var her 87 pasientar på Bjørkeli .

1971
Bjørkeli fekk tomta i Bjørkelivegen 9 og bygde bustad til styrar og kjøkkensjef.

1973
Bergen og Hordaland krets av NKS opna den nye Bjørkeli Psykiatriske Sjukeheim med plass til 54 pasientar. Kvinnene som sto i brodden for dette arbeidet var: Ellinor Lund, Goro Lerum, Alfhild Kvamme og Berta Dolve .

1989
Plan om eit psykiatrisk senter var til handsaming i Hordaland fylke. På Voss vart det laga ein samarbeidsavtale mellom Bjørkeli og Voss Sjukehus for å betre tilbodet til psykiatriske pasientar i Voss lokalsjukehusområde.

1991
Hordaland Fylke vedtok å etablere Voss Psykiatriske Senter. Senteret bestod av døgnavdelinga Bjørkeli, psykiatrisk poliklinikk og psykiatrisk dagavdeling. Bjørkeli hadde tilbod til 21 pasientar med psykiske lidingar og ein avdeling for 4 aldersdemente.

1992
Det gamle røntgenbygget som var viktig i behandling av pasientane med TBC,  vart etter kvart bygd om til 5 husvære for pasientar som trengte trening i å klare seg i eige husvære.  Etter kvart vart det var betre for pasientane å flytte direkte ut i eigen bustad og denne avdelinga opphørte. I dag leiger Voss kommune to husvære til tidlegare pasientar og NKS Bjørkeli nyttar tre husvære til utleige for personale, studentar ol.

1993 – 1998
Avd. III vert delt opp til ein langtidspost og ein rehabiliteringspost. Rehabiliteringsposten hadde pasientar som trong hjelp og trening til komme ut i eigen bustad.

1997 – 2002
Styrarbustaden i Bjørkelivegen 9 vert gjort om til bufellesskap for 3 eldre pasientar med lang tid innan psykiatrien. Pasientane vert deretter utskrivne til sjukeheimar.

2000
Bjørkeli legg ned tilbodet for aldersdemente. Bjørkeli vart no eit allmenn psykiatrisk tilbod til pasientar med psykiske lidingar.

2001
Psykiatrisk dagavdeling flytta frå gamlebygget på Bjørkeli til Sorenskrivargården. Denne avdelinga vart gjort om til Psykiatrisk Rehabiliteringsavdeling og lagt under psykiatrisk poliklinikk på Voss Sjukehus.

Aktivitetsavdelinga på Bjørkeli flytta inn i gamlebygget og avdelinga tok namnet Aktivitetshuset.
Samarbeidet med Hordaland Fylkeskommune vart slutt og Bjørkeli fekk avtale med Helse Vest.

2004
Bjørkeli vart døgnavdeling i Voss DPS og tok namnet Voss Distriktspsykiatriske Senter, NKS Bjørkeli. Vi har sidan arbeidd med å utvikle det faglege tilbodet i tråd med veilederen for Distriktspsykiatriske Sentre.

2010
Gamlebygget vart etter kvart i dårleg stand og etter fleire år med søknad til Helse Vest fekk vi 5 millionar til renovering av bygget. Styret ved NKS Bjørkeli med Hild Berge i spissen satte i gang loddsalg og samla inn 1 million til bygget. I tillegg fekk vi 2 millionar som hadde stått på konto frå NKS Bjørkeli vart bygd i 1973.

Aktivitetshuset er i dag eit flott og praktisk bygg som inneheld aktivitetsavdeling, fysioterapiavdeling og møterom for gruppebehandling.