Gruppepoliklinikken er ein del av Voss DPS og er tenkt som eit utvida tilbod mellom døgnavdelinga og VOP (Vaksenpsykiatrisk poliklinikk).

Avdelinga består av ulike faggrupper som lege, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, ergoterapeut, psykomotoriske fysioterapeutar, familieterapeutar og sosionom.

Me ynskjer å jobba systematisk og tverrfagleg saman med pasienten for å utforma eit godt, individuelt behandlingsforløp.

Gruppepoliklinikken tilbyr dagbehandling to dagar i veka og gruppetilbod tre dagar.

Dagbehandlingstilboda går hovedsakleg føre seg i grupper, som har noko ulikt fokus og lengde, i tillegg vert det individuelle samtalar. Det vert og tilbod om par-/familie-/nettverkssamtalar.

Gjennom behandlingsprogrammet ynskjer me å jobba saman med pasient for å betra livskvaliteten, styrka og oppretthalda nettverk, redusera symptom, læra ulike mestringsstrategiar og fremja eigne ressursar.

Gruppepoliklinikken startar med dagbehandling tysdag og torsdag frå 14/9-17. Og ulike grupper tek til frå 2/10-17, desse gruppene vert på mandag, onsdag og fredag.

Du vil finne meir informasjon om dei ulike gruppene i brosjyra under. For meir informasjon, ta kontakt på telefon 56 52 39 40/99 41 58 18 (08:00-15:30) eller epost: lsys@bjorkeli.no

Henvisning vert sendt via fastlege eller anna henvisande instans til Voss DPS NKS Bjørkeli.

Brosjyre for dei ulike gruppetilboda finn du her