Inntaksrutiner ved Voss DPS NKS Bjørkeli

Opptaksområde
Opptaksområde for Voss DPS NKS Bjørkeli er kommunane Voss, Vaksdal, Kvam, Ulvik, Eidfjord og Granvin.
Det er fritt sjukehusvalg og ein står fritt til å kunne velje DPS.

Henvisningar bør innehalde fyljande informasjon:

• Pasienten sitt navn og personnummer

• Pasienten si adresse og telefonnummer. NB! Gjeld også institusjonsplass.

• Namn på innleggande lege og pasienten sin fastlege

• Relevante diagnosar, aktuelle problemstillingar og sjukehistorie

• Dersom relevant, informasjon om:

noværande eller tidligare suicidalitets- og valdsproblematikk

somatisk tilstand

rusmiddelavhengigheit / psykisk helse

• Pasienten sitt funksjonsnivå før inntak

• Status for Individuell plan (IP)

• Oppdatert medikamentliste

• Eventuelt behov for tolk (gjeld også hørsel)

• Kontaktopplysningar til næraste pårørande og om dei er informert om innlegginga

• Informasjon om pasienten har omsorg for barn, og korleis desse er ivaretekne
Brukarstyrt seng
Pasientar med avtale om brukarstyrt seng kan ringe avdelinga sjølv og legge seg inn, utan henvisning frå fastlege.

Inntaksmøte
Det er inntaksmøte kvar onsdag kl. 10.00.

Avdelingane
NKS Bjørkeli har ein døgnavdeling med fokus på angst, depresjonsproblematikk og psykoseproblematikk.